Eg hjarte New York

Eg trudde desse t-skjortene med “I <3 NY” var superduperutgått på dato. Men eg kan love deg at det slett ikkje er tilfellet her, midt på Manhattan i alle fall. Eg, Torfinn og Stian har teke turen til Amerika!

Vi tok av frå Amsterdam i går ettermiddag i 14-tida. Då klokka hadde passert midnatt var der framleis sol utanfor flyet, og eg tykte det heile var veldig merkeleg. Vi landa på JFK-flyplassen rundt klokka 02:30. Sola hadde nett gått ned, men klokka var faktisk berre 20:30 lokal tid.

Ein liten kar med verdens trøyttaste blikk tok avtrykk av fingrane mine. “So, Ronny. Why are you here?”, spurde han, og løfta blikket så vidt over skranka. Han lurte vidare på kva eg dreiv med i Norge. Og så ønska han meg velkommen.

04:25 norsk tid hadde vi sjekka inn på eit overraskande stort hotellrom, med både kjøkken, stove, skap og bad og soverom og alt ein kunne trenge, i åttande etasje, 118 East 40th Street. Midt på Manhattan.
Vi traska ut i den relativt unge New York-kvelden, fekk oss eit heidundrande måltid på Friday’s for så å traske heimatt til hotellet for å få oss noko søvn.

I dag har vi ete ein mektig frukost med pannekaker, egg, bacon, brød og poteter, samt rikeleg med kaffi og appelsinjuice rett borti gata her. Ja, tilogmed ei dårleg gratisavis tukla vi med under frukosten. Torfinn var, og er framleis på jakt etter ein skreddar, men ingen kan oppdrive stofftypen han er på jakt etter. Vi traska bortover, fekk plutseleg auge på Empire State Building, og oppdaga at køen var ekstremt kort. Eg og Torfinn tok turen opp for å sjå på utsikta, medan Stian Eliassen sneik seg bortover mot ein seriøs fotobutikk dreve av ein gjeng konservative jøder. (Ein lokal NewYorkar kunne fortelje at damer ofte får dårleg service i denne butikken fordi det i følgje jødisk tradisjon er fy fy å prate med damer utanfor slekta. Eller noko slikt.) Stian skulle dit for å investere i dugande kamera.

Kva er dette? Jo, på veg opp til toppen av Empire State Building hadde dei jammen meg sett opp eit lite fotostudio der folk vart tekne bilete av framføre ein slik green screen. Deretter vart utsikt over New York manipulert inn bak dei. Ærleg talt. Kven betalar for å få eit slikt bilete, når dei likevel skal opp på toppen, sånn reint fysisk? Sånn på ekte?
Morsomt.

Vidare har vi shoppa rikeleg med ting og tang, og vi har dansa oss opp og ned streets og avenues, gjennom subway-systemet, gjennom Soho.

Og no sit vi på hotellet, på ein fredag ettermiddag med ferske doughnuts og øl. Og så høyrer vi på p3Natt. Fin vorspielmusikk.

Lyd:

Skrive av Ronny, 12.04.2008, 00:46
Innlegget omhandlar i hovudsak: , , , , ,
RSS 2.0 for kommentarane - Trackback

3 kommentarar til “Eg hjarte New York”

marita, 12.04.2008, 23:19

åå.. missunnelig :) høres ut som at du har det fantasisk.

Sandra Lund-Andersen, 14.04.2008, 14:42

USA<3, heldiggrisen du raa9, jeg vil og!!!!

Ronny-André Bendiksen, 24.04.2008, 12:01

Merker at jeg blir misunnelig! Skal nok til NY til høsten jeg også tenker jeg. Ta masse bilder!

Skriv ein kommentar:

Namn:
Epost:
Nettside:

XHTML: Du kan nytte desse taggane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

Arkiv: