Kanskje Letterman?

I dag traska vi frå hotellet, ned til Times Square, vidare forbi plassen der dei spelar inn The Late Show With David Letterman, og inn i Central Park.

Vi fekk beskjed om å vente på ein telefon i morgon. Kanskje blir vi trekt ut til å få vere med på innspeling av showet til David Letterman på mandag. Spennande.

Etter å ha registrert mykje info om oss sjølve, for kanskje å få vere med på Lettermanshowet traska vi inn i Central Park. Torfinn byrja kjapt å klage over kor føtene hans verka. Men han ville gå vidare, for han håpa på å få med seg nokre aper i Cenntral Park Zoo. Men dyrehagen var tydlegvis ikkje heilt i vater, så det endte til slutt med at vi traska på Fridays, for eit par øl og litt lønsj. Vidare gjekk turen til ein irsk bar.

Til middag stod pizza på menyen, frå ei lokal sjappe, rett nedanfor hotellet. Eg bestilte ein vanleg pizza. Typisk medium størrelse på norske restaurantar. Forskjellen mellom Noreg og USA er at ein liten pizza her, fort kan vege opp mot eitt kilo. Eg klarte med andre ord ikkje å ete opp.

Ferien i The Big Apple held fram. No er kvelden komen, og det ryktast at vi skal på konsert med eit band som kallar seg The Giraffs. Spennande.

Lyd:

Skrive av Ronny, 13.04.2008, 03:37
Innlegget omhandlar i hovudsak: , , , , , , ,
RSS 2.0 for kommentarane - Trackback

3 kommentarar til “Kanskje Letterman?”

Asbjørn, 13.04.2008, 13:04

;) dåke må no ha det bra stili der borte… Når ska dåke innom Statue of Liberty då?:) korleis er det med folka der borte, er dei venlege?

rune, 13.04.2008, 23:30

sett ross, chandler, joey eller rachel der borte?

Ronny, 14.04.2008, 01:38

Nei, men Monica, ho har eg sett.

Neida. Har sett veldig få kjendisar, men veldig mange limmoar. Så dei er vel rundt her, drive å farta.

Ellers e New York kjempedigg. Woha!

Skriv ein kommentar:

Namn:
Epost:
Nettside:

XHTML: Du kan nytte desse taggane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

Arkiv: