Kortvarig glede

Eg var på IKEA i går, saman med Bjørn og Hanne. Planen var å skaffe seg nokre enkle hagemøblar. Det endte sjølvsagt med hagemøblar, og ein stappfull pose med andre ting. Mellom anna 3 eksemplar av dei billegaste vinglasa.
På veg ut av butikken, og heimover tøysa vi litt med at det hadde vore trist om glasa vart knuste, før eg kom meg heim med dei…
Dei vart ikkje knust på veg heim altså. Det vart dei ikkje. Eg kom meg inn, plukka dei tre vinglasa opp frå papposen, og så sette eg dei på kjøkkendisken.
No, 24 timar seinare tenkte eg at det var på tide å finne ein fin plass til vinglasa i eitt av skapa mine. Eg skulle til å ta opp det eine glaset, men det glapp.
Det glapp, vippa litt fram og tilbake, og før eg fekk tak i det, hadde det allereie vippa inn i eitt av dei andre glasa. No var der plutseleg to glas som vippa, og eg vart brått forvirra. Men før eg klarte å summe meg var begge glasa på veg ned mot bakken.
Og det skal eg fortelje deg. Dei spratt fram og tilbake mellom komfyr og vegg, mellom IKEA-pose og søppelbøtte, medan små bitar etterkvart vart løyste frå resten. Først knakk glasa sånn midt imellom toppen og bunnen. Det eine enda ferda si der. I to delar og litt ymse småbitar. Det andre var ein snartur bortom hjørnet ved komfyren og fekk seg difor eit par ekstra slag. Det vert småbitar av slikt!

Så då sit eg her, med eitt einaste vinglas. Det er kanskje sjølve kjenneteiknet på einsemd. Trur eg. Eitt vinglas, ein ny vinopnar, og støvsugaren full av glasbrot.
Nei, vent no. Det er ikkje einsemd. Det er kjenneteiknet på alkoholisme.
Men eg er ikkje alkoholikar, altså. Berre frykteleg klumsete.
Lyd: The Ting Tings - That's not my name
Du verda for eit fengjande stykke musikk. Hipp hurra for The Ting Tings, og hipp hurra for albumet "We started Nothing". Sjekk ut, sjekk ut!!
Skrive av Ronny, 18.06.2008, 00:27
Innlegget omhandlar i hovudsak: IKEA, knust, sjølvstendigheit, vinglas
RSS 2.0 for kommentarane -
Trackback
6 kommentarar til “Kortvarig glede”
|
|
bjørn,
18.06.2008, 09:59 hehe, da blir det ikke noe date heller da Ronny.. Må man ha seg en ny tur på IKEA? |
|
|
RadioStian,
19.06.2008, 19:13 jeg fant noe kjempeflott i dag. Mest fordi jeg lette etter det, men jeg fant det like fullt! På Claes! PLASTGLASS!! Mistet et i bakken i butikken til og med… KNUSTE IKKE! Kjempefornøyd!!! Kan være noe for deg dette?! |
|
|
Hanne,
20.06.2008, 17:15 Hahaha… fantastisk arbeid Ronny ponny! Imponert over at du fikk med alle detaljer på glassknusing når du faktisk var så forvirra!!! |
|
|
Ronny,
20.06.2008, 17:22 Haha. Bra kjøp, Stian! |
|
|
Espen,
27.06.2008, 17:39 Morsomt :D Det finnes noen sånne “uknuselig” glass også, som er litt mer fancy en vanlige plastglass, trur du bør skaffe deg noen sånne :) |
|
|

Ferske meiningar: