Snasen sommarfesthelg

Sjølv med varmegrader rett oppunder 30 i sola i Trondheim, kunne eg ikkje lete vere å hoppe på bussen til Førde denne helga.

For alle, absolutt alle deltek jo på Sommarfesten. Det årlege arrangementet som faktisk får andre band enn Ole Ivars og Vassendgutane til å spele i Førde. Tidlegare år har mellom andre Ralph Myerz, BigBang og Turboneger stått på scena i Sentrum Sør.

I år stod Real Ones, Morten Abel og Raga Rockers som headlinerar. Eg gledde meg mest til Real Ones, men gjekk glipp av konserten deira sidan eg hadde det så koseleg på vors, sjå berre her.

Vidare vart det allsang og glede til Morten Abel, sjølv om eg trudde han var død som artist for lenge sidan. Det var verre med Raga Rockers. Det var tafatt og keisamt, og publikum brydde seg ikkje. Ingenting stemte når headlinerane spelte.

Men då er det jo fint, at folket er der like mykje for å treffe andre, som for å sjå ulike band opptre. NRK Sogn og Fjordane har bilete frå Sommarfesten, og eg har bilete frå vorspielet i hagen min.

Lyd: Duffy - Warwick Avenue
Deilig lita perle, som tydlegvis handlar om at det er lett å slå opp i Warwick Avenue i Nord-London. Greitt å vete.

Skrive av Ronny, 09.06.2008, 03:01
Innlegget omhandlar i hovudsak: , , , ,
RSS 2.0 for kommentarane - Trackback

4 kommentarar til “Snasen sommarfesthelg”

Lasse, 09.06.2008, 08:09

ser ikkje bilda ronny !!!

Hanne Panne, 09.06.2008, 09:19

åååå! Eg e litt sur på meg sjøl for at eg ikkje drog på sommarfesten no, såg ut som vorspielet var en suksess iallefall :)

Ronny, 09.06.2008, 15:22

Oisann. Eg hadde linka feil. Dumme meg. No er linkane rett. Og ja, Hanne. Du skulle jo vore her.

Jo, 09.06.2008, 19:35

Sweet eletrical Jesus! Tok berre 10 år å laste dei bileta, og du klarta ikkje eingong å ta ei pent eit av meg:< Men du skal ha for vellukka vors <3 That was alot of fun fun. Burde forøvri ta med kamera på neste rånetur!

Skriv ein kommentar:

Namn:
Epost:
Nettside:

XHTML: Du kan nytte desse taggane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

Arkiv: