90-talet øydela meg

Der var sol og skyfritt. Og så hadde Bjørn mykje cd-plater frå 90-talet. Og så var der grillmat og øl.
Torsdagskvelden vart lang, og etterkvart veldig kald.

Det var digg å sitje på altanen til Bjørn etter jobb sist torsdag. Eg, Bjørn og Hanne hadde investert i grillmat og øl, og vi var klare for litt sosialt samvære.

Eg fann ein frykteleg gamal Absolute Music-cd i stova til Bjørn. Eg vart gira. Eg ville høyre på musikken som stod meg nærast på 90-talet. Bjørn kunne fortelje at han hadde rikeleg med slike cd-plater.

Og så satt vi der, på altanen. Eg, Hanne og Bjørn, med deilig mimremusikk på anlegget. Eg var grisekeen på den der How Much Is The Fish? av Scooter, men akkurat den hadde ikkje Bjørn.
Men han hadde for eksempel Baby Baby av Corona, Scatman av godaste Scatman John, nydelege Lucky Love av Ace of Base og så den der gøyale Here Comes the Hotstepper. Du verda kor mykje artig musikk.

Og timane gjekk jo. Det vart kaldare. Men vêret var fint, og vi fann ut at vi varma opp grillen att, i staden for å gå inn.
Så då sat vi der på altanen, med pledd over skuldra og ein grill mellom beina. Og det var hyggjeleg, og all nittitallsmusikken dundra utover eit kaldare og kaldare Trondheim.

Fredag vakna eg, full av feber og med ei dryg hoste. Det har vart heile helga, først i dag føler eg meg ok. Mange liter te, opptil fleire Paracetoverdoser og eit par brett med c-vitaminar seinare.

Men det var verdt det. Vi skulle kanskje berre gått innatt litt før.

Lyd: Sigur Rós - Gobbledigook
Desse islendarane er ute med eit nytt, fantastisk album. Eg klarar ikkje uttale nokonting, men musikken er fin. Veldig fin.

Skrive av Ronny, 01.07.2008, 22:42
Innlegget omhandlar i hovudsak: , , , , , ,
RSS 2.0 for kommentarane - Trackback

2 kommentarar til “90-talet øydela meg”

Hanne Fleischer, 01.07.2008, 22:53

herlig konklusjon, Ronny Ponny!! :D

bjørn, 04.07.2008, 14:48

Nydelig konklusjon her Ronny :) Det var en bra kveld men helt enig at det ble noe kaldt etter hvert!

Skriv ein kommentar:

Namn:
Epost:
Nettside:

XHTML: Du kan nytte desse taggane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

Arkiv: