Aiaiai! Amsterdam er ein gøyal by!

Øl, godt humør og ein og annan bomtur. Det var digg med ei helg i Nederland.
I helga var eg, Ørjan, Asbjørn, Jo Daniel og Geir Ove på ein liten tur til Nederland. Fire flotte dagar i Amsterdam, eit deilig avbrekk frå kvardagen her i Noreg.
Asbjørn og Jo henta meg i leiligheita i Trondheim, natt til torsdag klokka 5. Vi køyrde til Oslo, og rakk akkurat fram til Gardermoen i tide. Du skulle berre visst kor høg stemning der var i bilen då vi låg bak ein traktor og ei tysk campingvogn på E6, medan klokka gjekk uforsvarleg fort framover.
Rett over klokka 16 torsdag var vi sjekka inn på Hotel Casa 400 i Amsterdam. Litt utanfor sentrumskjerna, men veldig ok standard til ein god pris.
Torsdagskvelden gjekk med til pasta bolognese og schnitzels og øl. Fredag vandra vi rundt i denne byen med kanalane. Eg måtte inrømme at Amsterdam faktisk var mykje finare enn kva eg hadde forventa, brusteinlagte flotte gater, gondolar og andre vassbaserte køyrety. Det var rett og slett idyllisk somme stader.

Vi fann ein triveleg fortauskafè på vår vandring gjennom byen. Thomaz trur eg den heitte. Nyopna, fekk vi vete etter å ha vore gode vennar med servitøren. Og det var ein triveleg kafè. Så triveleg at vi vart sitjande der i over 4 timar. Så triveleg at vi til og med fekk ei runde øl på huset. Maten var digg òg. Veldig digg.
Det var rett og slett skikkeleg feriestemning på fredagen. Total glede. Vi prøvde oss på utelivet på kveldstid òg, utan at dette var ein vill suksess.

Laurdagen skulle vi sjekke ut utstillinga “Living Tomorrow”. Ei utstilling om framtida, og korleis interiør og slikt vil sjå ut. Nye, spennande og inovative løysingar. Vi måtte litt utav sentrum for å få med oss dette. Vi sete oss på toget, og oppdaga raskt at vi var på feil tog, på veg til ein anna by. Ein halvtime seinare var vi på veg tilbake, og fann fram til riktig stasjon. Vi leita litt, og fann tilslutt bygninga kvar utstillinga heldt til. Men der såg så frykteleg stengt ut. Truleg fordi det var akkurat det der var. Stengt. Det viser seg at det som var marknadsført som ei utstilling verka meir som eit konferansesenter som innovative bedrifter kunne låne.
Bomtur?
Neida, vi fann ein bar som selde øl.
Og eit interiørkjøpesenter.

Laurdagskvelden måtte vi jo nesten sjekke ut dette berømte distriktet. Det raude. Eg såg føre meg at dette skulle vere lugubre greier. Det var det jo òg for så vidt, men den oversvømmande massen av turistar gjorde det heile litt uskyldig og komisk. Vi fann oss ein pub her, berre for å ta nokre pils før vi gjekk vidare for å ete middag. Men her vart vi verande heile kvelden, gitt. Omgitt av same typen amerikanarar eg møtte i England. Dei dumme på europatur. Og så var der eit hyggjeleg britisk utdrikkingslag vi kom i prat med, og stemninga stod i taket, og alt var berre fint. Allsang til Oasislåta Wonderwall og greier og greier. Etterkvart vart det nattmat på ein real restaurant litt lenger borti byen. Ørjan kunne melde om ein bedriten pasta, eg fekk på noke supergod pizza, og så vart det Wonderwall-allsang her òg. Tyskarane på nabobordet var med.

Søndagen var roleg. Trasking i sentrum. Shopping av klede for min del. Pannekaker, espresso, paracet, dårleg britisk frukost. Ein frekk gateunderhaldar som meinte alt under 10 euro var dårleg betaling for å få sjå på supershowet hans. Eg ga heller pengar til ein kar som hadde fått igang noko Razorlight på kassegitaren sin.
Og etter 4 dagar i Amsterdam, kan vel turen oppsummerast slik: Ein real bomtur, myke kartlesing, mykje mat, mykje øl, god stemning. Eit deilig avbrekk og ei fin helg på tur med flotte folk.
Flotte fotos frå ferietur? Åjada, sjekk dei ut!
Lyd: The Hold Steady - Sequestered in Memphis
Det nye albumet til The Hold Steady har eg sansen for. Denne låta er fengande og deilig.
Skrive av Ronny, 22.07.2008, 01:48
Innlegget omhandlar i hovudsak: Amsterdam, Asbjørn, fotografi, Geir Ove, Jo, Nederland, reise, tur, Ørjan
RSS 2.0 for kommentarane -
Trackback

Ferske meiningar: