Eg er så grusomt mann!

Desse hagemøblane som eg kjøpte flatpakka på IKEA sist det var fint vêr i Trondheim, (for lenge sidan, altså…) måtte jo opp på eit tidspunkt. Det var på tide å snekre litt…
Skru litt i alle fall.
Så der stod eg, fredag ettermiddag. Med P3 og Stian på full styrke. Ein flatpakke. Ei ubrukeleg bruksanvisning og noke verktøy eg ikkje anar kva heiter.
Eg var i siget. Byrja med bordet. Det lettaste. Følte meg kul, røff og tøff, og håpte noko voldsomt at naboane såg på. Når folk gjekk forbi smilte eg, heldt verktøyet eg ikkje anar kva kallast opp i lufta og så poserte eg. Som den handverkaren eg plutseleg var. Gud hjelpe så barsk eg følte meg.
Men så kom eit kritisk punkt. Eg måtte skru i skruer, og verktøyet eg hadde funne i ei plastkasse på sikringsskapet passa ikkje til det, tydlegvis.
Kaos! Så godt igang, og så skulle liksom alt gå åt skogen?
Neida, Leif hadde kjøpt inn eitt snasent lite apparat:

Så då var eg igang igjen. Og eg skrudde. Og eg fann ut at dette verktøyet eg hadde frå før av skulle brukast til å stramme sånne andre skruer. Sånne tjukke, med sånne ting nederst. Heiter det mutterar, kanskje? Eg veit ikkje, men eg veit at eg var så god til å skru fast slike at verktøytingen gjekk i stykker. Og eg vart ikkje lei meg, eg berre følte meg endå barskare. Så grusomt mann at eg øydelegg verktøy! HAH!
Og etter mykje kjas, mas, posering for forbipassande naboar, svette, ei og anna tåre, Karpe Diem med Under Overflaten eit par gonger.
Så vart det hagemøblar på platningen. Eg feira med øl, og var lukkeleg.

Eg må snarast starte på neste flatpakkeeventyr, slik at eg kan oppretthalde denne deilige mandige følelsen. Kanskje skal eg kjøpe meg eit verktøysett?
Lyd: Pony The Pirate - Walk The Shame
For ei låt! For eit deilig stykke ny, norsk musikk! Gud hjelpe så fengande. Og gud hjelpe så gratis mp3-fil på lenkja over!
Skrive av Ronny, 27.07.2008, 04:26
Innlegget omhandlar i hovudsak: hagemøblar, montering, sjølvstendigheit
RSS 2.0 for kommentarane -
Trackback
12 kommentarar til “Eg er så grusomt mann!”
|
|
RadioStian,
27.07.2008, 05:06 ha ha :-D |
|
|
Hanne,
28.07.2008, 00:34 haha… :D jeg tok ansvaret med persienne i egne hender, selv om det hadde vore interessant å sittet å se deg gjøre jobben :) haha |
|
|
Amund,
29.07.2008, 09:48 Hehe, herlig Ronny :D Jeg vet hvem jeg skal ringe for teknisk support neste gang jeg skal begi meg ut på et flatpakkeeventyr :D |
|
|
Asbjørn,
30.07.2008, 22:15 Du Ronny… 2 Stolar??? Reknar med du har fleire inne… |
|
|
Asbjørn,
30.07.2008, 22:43 Du Ronny… 2 Stolar??? Reknar med du har fleire inne… |
|
|
Ronny,
31.07.2008, 01:06 Høyhøy! Stian, eg er klar. Amund: Det er berre å ringje. 12,50/min for kundeservice. Asbjørn: Ok. Eg skal kjøpe ein stol til deg :D |
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
Ronny,
17.08.2008, 13:43 Funka som fjell! |

Ferske meiningar: