August i fotos

Det hender både titt og ofte at eg knipsar eit augneblunk med mobiltelefonen min. Så kvifor ikkje berre fortelje om seinsommaren min ved hjelp av eit knippe bilete?

2. august
Amund og Kathrine kom på vitjing til Trøndelag, etter ei veke på ville vegar rundt omkring i Norge. Vi tok turen innom Olavsfestdagane, og fekk med oss vaflar og brente mandlar frå bak Nidarosdomen. Triveleg.

2. august
Amund og Kathrine fekk òg vere med på utprøving av hagemøblane eg nett hadde sett opp. Vi fyrte opp grillen, og kosa oss. Og sånn omtrent i det sekund vi hadde ete opp grillmaten opna himmelen seg. Men det var hyggjeleg inne òg, så det gjekk bra.

6. august
Hanne og Bjørn insisterte på at denne onsdagen var den perfekte dag for å få med seg det gjevaste(?) innan norsk hip-hop. Nok ein gong vendte eg nasen tilbake til Olavsfestdagane-området, og omtrent samstundes som vi kom inn på området byrja det å regne. Store, tunge dråpar med regn. Vi såg slutten på opptredenen til STL (eller Stella om du vil), heile opptredenen til Erik & Kriss… Og då Madcon skulle entre scena var vi så gjennomvåte og kalde at vi gjekk vår veg.

6. august
Hanne og Bjørn. Klissvåte på konsert. Topp stemning.

6. august
Løysinga på heile regnproblematikken vart ikkje å kjøpe paraply, men å tørke på bowling. Eg var ikkje særleg god.

9. august
Eg var oppe halv ni på ein laurdag. Faktisk var eg det to laurdagar på rad. Denne laurdagen var eg dommar i Torfinn sitt program, Cruisern, på P3. Kjempekjekk start på dagen. Vel verdt å stå opp tidleg for. Kaffi, fjas og casual style i studio. (sjå biletet over).

9. august
Nokre timar seinare. Asbjørn serverte middag. Eg og Leif vart stappmette, nesten øydelagde av all gryteretten. Asbjørn sjølv vart ikkje mett i det heile tatt. Bra, var det då, at Asbjørn dagen før hadde blanda kyllingkjøttdeig og vanleg kjøttdeig og ymse anna inn i ein stor klump med deig, som la ein spennande eim over heile kjøkkenet hans. “Heimelaga burger” kalla han det.

9. august
Leif køyrer ein sofistikert stil. Whiskey liksom. Han kunne melde at lukta var god.

19. august
I can see my house from here…

19. august
Jo Daniel pratar om ein begivenheitsrik kveld på byen kvelden før, over ein tacoplatter høgt oppi Tyholttårnet.
- Og så skulle vi ta taxi, og så berre lukka eg døra og berre byebye, og så berre gjekk eg dit og dei berre YEAH! og eg berre hallo! Yo, liksom.

20. august
Og så var plutseleg Sandra her. Og Henrik. Impulstur oppover til Trøndelag. Eit heilt døgn, hadde dei planar om å bli. Så då bar det jo oppatt i turistmagneten Tyholttårnet for lønsj og slarv. Moro med besøk.

20. august
Jo Daniel viser fram gangstahteiknet sitt.

20. august
Heliumballongar er great fun. Henrik var i ekstase.

20. august
Sandra var på 26. timen unna kjærasten. I desperat lengsel skar ho dette inn i døra på midterste doen på Bare Blåbær med neglene sine.
14 bilete, august så langt, om ein skulle beskreve livet mitt kun via mobilen min. Hadde eg venta nokre dagar, hadde du kanskje fått sett bilete frå Pstereo-festivalen som byrjar i morgon. Eg skal dit.
Og natt til mandag feirar P3Natt nøyaktig eitt år. Det blir feiring og fest, med gåvedryss og ønskjeplater direkte frå studio mellom 00 og 02, med meg, Stian og Torfinn.
Det blir nok ei fin helg.
Lyd: Does It Offend You, Yeah? - Dawn of the Dead
Eg kicka umiddelbart på denne feite låta. Digg musikk. Og innimellom dukkar der opp tonar som gjev meg flashbacks til Supernintendoen min. Kjempegøy!
Skrive av Ronny, 22.08.2008, 02:31
Innlegget omhandlar i hovudsak: Amund, Bjørn, fotografi, Hanne, Henrik, Jo, Kathrine, Sandra, Torfinn, Trondheim
RSS 2.0 for kommentarane -
Trackback
2 kommentarar til “August i fotos”
|
|
|
|
321,
18.04.2009, 02:19 321? |

Ferske meiningar: