Gode fotominner frå London

Plutseleg her ein dag kom eg i skikkeleg mimremodus. Og sidan Henrik har fjerna alle Londonfilmane frå heimesida si vart eg sittande å sjå gjennom alle bileta eg tok i løpet av halvåret i London…

Der var så mange gode minner. Alt frå festbilder frå 20 Alfoxton Avenue, til bilete frå turar vi var på og ymse moro, som aldri har havna på verdsveven. Og då tenkte eg at det var på tide å lage eit lite galleri med Londonminner.

Ta deg ein titt på nokre deilige augneblunk frå London og medan du kikar kan du godt høyre på musikken som surra på iPoden min første halvdel av 2007. Sånn for å komme skikkeleg i stemning, liksom:

The Shins sitt nydelege Wincing The Night Away, eller Bloc Party sitt fantastiske A Weekend In The City. Eller Modest Mouse sitt geniale We Were Dead Before The Ship Even Sank. Kaiser Chiefs sitt Yours Truly, Angry Mob gjekk seg varmt i mp3-spelaren. Det same gjorde The Mary Onettes sitt sjølvtitulerte album. Jamie T leverte godplata Panic Prevention, Arctic Monkeys leverte gåsehud på tuben med Favourite Worst Nightmare. Og så må vi ikkje gløyme albumet eg kanskje var aller mest forelska i denne våren: Arcade Fire sitt andrealbum, Neon Bible.

Og så tok eg jo fleire bilete i London, som faktisk dukka opp på the world wide web.
01.03.07: Madame Tussauds
21-23.03.07: Isle of Wight
21.04.07: Grillpartaj
25.04.07: Stonehenge
17.05.07: 17. mai i London
24.05.07: Brighton

Åh, det der var eit flott halvår. Har de andre med bustadadresse 20 Alfoxton, våren 2007, bilete liggjande?

Lyd: M83 - Kim & Jessie
Eg har vorte heilt hodestups forelska i denne låta frå franske M83. Høyr, høyr!

Skrive av Ronny, 22.11.2008, 04:23
Innlegget omhandlar i hovudsak: , , ,
RSS 2.0 for kommentarane - Trackback

3 kommentarar til “Gode fotominner frå London”

Trøkk, 22.11.2008, 13:01

Mange fine bilder der som jeg ikke har sett før. Artige tilbakeglimt. Og nå kom jeg i London-mode igjen også :)

Sandra, 22.11.2008, 13:32

ååååååå ronny!!!!!!
jeg får så mange følelser i min lille kropp! mange fine følelser og noen slemme savne-london-og-hele-gjengen-i-alfoxton-avenue-følelser:(
jeg ler og gråter samtidig!

London<3

Kathrine, 22.11.2008, 14:45

Fantastiske bilder og ikke minst fantastiske minner!
Kommer aldri til å glemme den våren der altså!
London & 20 Alfoxton-gjengen <3

Skriv ein kommentar:

Namn:
Epost:
Nettside:

XHTML: Du kan nytte desse taggane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

Arkiv: