Fotorapport frå Barcelona

Nyttårsfeiringa tok eg i Barcelona, saman med Rune, Kim, Asbjørn, Geir, Jo og Ørjan. Her kjem ein liten fotorapport frå den flotte turen!

Vi måtte vente nokre timar på Flesland før avreise, men det la ingen dempar på stemninga, natt til måndag 29. desember!

Vi kom oss til Barcelona, og vi følte oss straks heime. Ikkje noko behov for kart her i gården, nei!

Vi åt ein heilt fantastisk nyttårsmiddag på ein eksklusiv restaurant midt på La Rambla:

Vi var så opptekne med å oppdage og oppleve at vi omtrent aldri såg innsida av hotellet vårt.

Vi vart nesten huka inn av Politiet.

Vi møtte mykje trivelege folk og fekk mange nye vennar.

Vi måtte sjølvsagt sjå denne gigantiske og voldsomme kyrkja alle pratar om. Segrada Familia.

Og eg måtte sjølvsagt ta eit bilete av meg sjølv ved denne nydelege severdigheita:

Og ved inngangen til det nye året var vi sjølvsagt vitne til eit heidundrande fyrverkeri vi kjem til å bære med oss minnene frå resten av livet:

I det store og heile, ein herleg tur!

Her kan du sjå fleire flotte fotos frå turen!

Lyd: Vinter In Hollywood - Virus
Fabelaktig Urørtfinalist! Stikk inn på sida, last ned låta og la deg rive med! (Og så må du stemme då, om du likar den!)

Skrive av Ronny, 11.01.2009, 02:03
Innlegget omhandlar i hovudsak: , , , , , , , , ,
RSS 2.0 for kommentarane - Trackback

5 kommentarar til “Fotorapport frå Barcelona”

Jo, 11.01.2009, 03:34

Som om eg skulle blogge sjølv!

Christine, 11.01.2009, 03:37

Flott fyrverkeri da Ronny.. ;) (Vil også til Barcelona)

are, 13.01.2009, 09:03

ay caramba!

Torstein, 13.01.2009, 13:56

Faen at dåke ikkje sa i fra, dåke mangla jo ein mørk skikkelse springe rebelsk etter fyrverkeriet der asso. såg ut som ein fortreffelig tur.

Bjørn, 20.01.2009, 14:35

Var det mange fine raketter i Barcelona?! :)

Skriv ein kommentar:

Namn:
Epost:
Nettside:

XHTML: Du kan nytte desse taggane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

Arkiv: