Kva skjedde no?

Jasså? 2009 allereie?
Eg har skikkeleg sånn blanke ark og fargestiftar-følelse her. Det gjekk så fort heile greiene. Eg berre dundra inn i det nye året, og så stod eg her då, godt uti 6. dagen og lurer på kva som eigentleg skjedde…

Vel…

- Eg starta 2008 i deilige London.

- Eg fekk halde fram i den deilige jobben min.

- Eg, Torfinn og Stian vann faktisk eit reisestipend på jobben, som sendte oss heilt til New York.

- Vi laga P3Påske. Eg og Bjørn var einaste levande vesen på NRK Tyholt. Stian var på Oppdal. Ingrid Olava vitja studio, og spelte live, ein cover av Jokke & Valentinerne. Skulle vise seg å bli ein suksess.

- Eg prøvde meg på trening. Betalar framleis 419 kr til SATS i månaden, sjølv om eg ikkje har vore innom sidan denne beskjeden var hengt opp i garderoben i slutten av mars.

- Sommaren kom. Sommarfesten i Førde var som vanleg bada i sol, det same var det deilige vorset i hagen min.

- Eg skrudde saman mine første møblar sommaren 2008. Billege hagemøblar frå IKEA. Den eine stolen forsvann tidleg på hausten, omtrent samstundes som heile hagen vart gravd opp grunna vedlikehald av rør…

- Eg tok meg ein weekend i Amsterdam saman med Jo, Asbjørn, Ørjan og Geir Ove.

- Eg fekk med meg PStereo-festivalen på Marinen i Trondheim. Einaste festivalen eg var på i 2008, men den var til gjengjeld total idyll.

- Eg vart nominert i kategorien Årets DJ då Prix Radio skulle avhaldast under Radiodager 2008. Eg vann ikkje, men fekk meg ei grisedigg langhelg i Oslo med fagleg påfyll, finfin bransjefest og eit heidundrande kalas hjå Mathias og Bente, med masse folk eg sakna! Her er eit bilete:

- I oktober fekk eg æra av å vikariere ei veke for P3Morgen-redaksjonen som var på New York-tur. Det var overraskande digg å vere på jobb frå klokka 5, og å vekke Norge frå 6-10. Kaizers kom innom og covra Willie Nelson. Og på fredagen var Else skrekkeleg tidleg oppe for å vekke ein intetanande lyttar.

- Eg har ete sauehaue! Eg lyg ikkje, det er sant. 1. juledag. Eg skal få tak i biletebevis!

- Eg feira overgangen til det nye året i Barcelona, med Rune, Asbjørn, Jo Daniel, Kim, Ørjan og Geir. Det var digg, og ein fyldig rapport kjem i løpet av veka!

Og no er 2009 her. Og det einaste nyttårsforsettet eg har, er at eg skal prøve å ha det minst like gøy i år. Eg skal oppleve fine ting, og eg skal reise endå meir.
Riktig godt nyttår til deg som er innom her og les!
(Eg vurderte å setje opp “Oppdatere bloggen oftare i 2009″ som forsett… Men eg torer ikkje.)

Lyd: Anna Ternheim - What Have I Done
Den perfekte låta for ein mjuk start på det nye året!

Skrive av Ronny, 07.01.2009, 02:50
Innlegget omhandlar i hovudsak: , , ,
RSS 2.0 for kommentarane - Trackback

1 kommentar til “Kva skjedde no?”

Sandra, 08.01.2009, 21:02

Kom tilbake til Oslo snart ronnyponny! og lukten i badstua på Sats er sikkert borte nå;)

Skriv ein kommentar:

Namn:
Epost:
Nettside:

XHTML: Du kan nytte desse taggane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

Arkiv: