Om å måtte måke seg inn i leiligheita…

- Haha, eg må sikkert grave meg fram til inngangsdøra mi, sa eg tøysete til taxisjåføren på veg frå ei søvnlaus natt på buss.
Han prata om at der var snøkaos i byen, at bussane sleit, og det gjorde dei jo…
Eg lo litt og tøysa om at eg sikkert måtte ta måka fatt når eg kom fram.
Han sette meg av ved Bunnprisen, gata eg bur i var ikkje måka. Skoen full av snø i det eg sette beina ut av bildøra. Digg.
Og eg innsåg jo fort at eg faktisk måtte måke. Snøen låg til godt over døra, og snøen stod til knea på heile tunet.
Og snømåka, den stod ikkje der den pleier.
Total panikk! Eg sette frå meg bagen, kava rundt i snøen, tok ein tur bortom postkassa, og fann ut at eg hadde fått julekort frå Marita. Hyggjeleg. Eg leitte vidare, fann etter nokre hektiske minutt snømåka ved inngangen til huseigar. Vart lukkeleg av å finne måka, småsprang nedatt til min inngang. Og i all mi glede datt eg på ryggen med eit brak. Der var visst glatt under nysnøen. Kom meg oppatt, byrja måke. Måka til døra var mogleg å opne og kom meg inn.
Heiv ifrå meg all bagasje, sette på ei kanne kaffi. Opna kjøleskapet, og kjente fort på eimen som stod ut at joda, vi hadde gløymd å kaste ting før vi reiste heim på juleferie.
Ikkje eitt einaste matprodukt var etande.
Så då vart det jo ikkje frukost.
Og så gjekk eg inn på soverommet, og fann fort ut at der ikkje gjekk ann å sjå ut, for det hadde lagt seg snø godt over vindauget mitt. Vindauget som har stått litt ope heile jula, for luftinga si skuld. Det forklarar fort snøen og vatnet i vindaugekarmen og utover rommet.
Bra start på dagen? Joda. Kaffien var no i alle fall god.
Lyd:
Skrive av Ronny, 08.01.2009, 16:42
Innlegget omhandlar i hovudsak: kaos, måke, snø, Trondheim, Tyholt
RSS 2.0 for kommentarane -
Trackback
1 kommentar til “Om å måtte måke seg inn i leiligheita…”
|
|
Kathrine,
08.01.2009, 21:28 Stakkars Ronnyen! Høres ikke akkurat ut som en toppers start på dagen nei.. Huffameg |

Ferske meiningar: