Den flottaste musikken frå 2008

Alle andre har oppsummert musikkåret 2008 for lenge sidan. Eg har tatt meg tid til å fordøye intrykka, og har samla dei albuma eg kjem til å hugse og elske for alltid, og dei beste låtane frå året som har gått.

2008 har servert ei rekkje album som har farga flotte opplevelsar, som har lagt eit delig lydspor til livet mitt. Eg har lista opp, i tilfeldig rekkefølgje, albuma eg likte best:

Vampire Weekend – Vampire Weekend
I slutten av januar dukka Vampire Weekend opp. Låta “Walcott” vart lista på P3. Eg digga den, og musikkprodusent Jørgen sa at “du kan like godt berre kjøpe heile plata med ein gong”. Eg gjorde det, og angrar ikkje. Det lukta sommar og glede allereie på starten av året med desse flotte låtane.

MGMT – Oracular Spectacular
Eg vart fort fascinert av duoen MGMT, som i låta Time To Pretend syng om at målet deira var å tene pengar, flytte til Paris og få seg modellkoner. Eg kjøpte albumet, og oppdaga “Electric Feel” og “Kids”. Og ddersom du spør meg i dag om å velgje ei einaste låt fra dette albumet som står seg ut, så vil eg ha store problem med å velgje. Knakande flott plate som har surra mykje i spelaren min.

Cut Copy – In Ghost Colours
Magne tipsa meg om låta “Lights & Music” frå dette australske bandet. Grisecatchy, deilig låt. Eg sjekka ut albumet, og digga det. Cut Copy har vore med meg på samtlege bussturar mellom Førde og Trondheim i år. På den delen av turen kor eg er nærast å tenkje at eg lett hadde betalt 2000 ekstra i flybillettar for å sleppe å bli torturert på buss i ti timar. Cut Copy får opp humøret, Cut Copy får meg til å smile. Plata er grisedigg!

Santogold – Santogold
Ho Santi White, altså! Ho lagar sjukt fengande og herleg musikk, under artistnamnet Santogold. L.E.S. Artistes, Lights Out, Shove it, You’ll Find a Way… Albumet er stappa med suverene låtar!

Death Cab for Cutie – Narrow Stairs
Så kom det, i Mai. Nytt album frå Death Cab. Eg elska Plans som kom i 2005. Albumet var reinaste soundtracket til heile den hausten. Soundtracket til min nye tilværelse i Halden. Ingenting gjekk hardare i rotasjon på iPoden den hausten. Kva om Narrow Stairs sugde? Eg hadde lyst til, men turde ikkje sjekke ut førstesingelen på YouTube. Eg var så redd for å bli skuffa. Eg hadde moglegheita til å sjekke ut albumet ulovleg på nett fleire veker før det kom ut, men eg var liksom ikkje førebudd. Men endeleg kom det i butikken. Eg investerte. Det heile opna med Bixby Canyon Bridge, og eg tenkte at der var no i alle fall ein knakande flott låt. Og så heldt det fram med I Will Posess Your Heart. Alle åtte minutta var fine. No Sunlight, Cath…, Talking Bird, You Can Do Better Than Me, Grapevine Fires, Your New Twin Sized Bed. Digga alt hittil. Og så kom Long Division og Pity and Fear. Jepp. Kongealbum. Og så nydelege The Ice Is Getting Thinner til slutt. Death Cab skuffa ikkje. Dei leverte. Hipp hurra!

The Ting Tings – We Started Nothing
Jada! That’s Not My Name var reinaste sommarsoundtracket 2008. For ei låt! Og då eg sjekka ut albumet, berre velta låt på låt som var minst like bra ut og inn i øyret mitt! Fantastisk! For ei energibombe av eit album! For ein duo. Synd dei prøvde to gongar, men aldri fekk fullført ein konsert her til lands.

Ida Maria – Fortress Round My Heart
Ho vart Årets Urørt 2007. Ho vart hypa opp, og låtane “Oh My God”, “Stella & God”, “Queen of The World” og “I Like You So Much Better…” rulla og gjekk på P3. Og så kom albumet. Anmelderane var liksom ikkje så begeistra. Det var visst ikkje så bra dette, sa dei. Eg seier at jovisst var det bra, albumet til Ida Maria. Ei plate pakka med godlåtar! Utanom desse fire tidlegare nemnde, kor to av dei har blitt hits i England og ellers rundt i verda, kunne Ida Maria by på “Keep Me Warm” som fekk æra av å avslutte ein sesong av grisepopulære Grey’s Anatomy. Det er stort! Og albumet har fleire låtar som lett hadde vore potensielle radiohits. “In The Morning Light”, “Louie”. Då har vi brått lista opp heile albumet. Ein norsk senasjon, ho der Ida Maria. Av meg får i alle fall albumet voldsom applaus og gledesrop. For uansett om ingen anmeldarar er einige, tykkjer eg Ida Maria har levert. Så til dei grader òg!

Glasvegas – Glasvegas
Alle prata plutseleg om skottane i Glasvegas sånn litt utpå hausten. Og eg må no berre kaste meg på! Fabelaktig, sterkt og deilig album frå Glasgowkarane. Eg kjem aldri til å gløyme den morgonen i oktober, då eg stod på sending, ti over seks og oppdaga at eg medan eg spelte Geraldine, hadde skrudd lyden i studio på maks. Eg vart litt overraska, og skremd, men tenkte at dersom eg no først skulle miste hørselen, så kunne det godt vere til akkurat den låta.

Marit Larsen – The Chase
Ho leverte igjen, ho Larsen. Kort og greitt det næraste eg kjem ABBA utan å bli fysisk dårleg. Eg hatar ABBA, men eg elskar Marit Larsen!

Sigur Rós – Vid Spillum …
Eg klarar ikkje finne knappane som viser teikna som eg gjerne skulle hatt for å kunne skrive heile tittelen på albumet. Vi kan heller kalle det “albumet med bilete av dei nakne folka”. Uansett tittel eller foto på coveret. Det nye albumet til desse Islendingane er nydeleg. Veldig vakkert. “Gobbledigook” som opnar heile saken er ei perle, og får meg til å kjenne på at Sigur Rós er digg når dei køyrer på litt uptempo. Vidare kjem nydelege låtar som perler på ei snor.

Grand Island – Boys & Brutes
Grand Island leverte på andreplata òg, gitt! Wish It Was Summer Always, nydelege Love in Decay, Ass and Disco, The Flux of History, I Am The Horizon. Eg skjønte at dette albumet kom til å bli grisefett då eg såg Grand Island live på Storås her i Trondheim ein torsdag rundt påske. Eitt av årets beste norske. Definitivt!

Andre album eg digga:
Bloc Party – Intimacy
Ikkje det beste dei har laga, men med ein del godlåtar har Bloc Party servert nok ei fin plate.
Kaiser Chiefs – Off With Their Heads
Kaiser Chiefs har leika med han godaste Mark Ronson, og resultatet er spennande og godt!
The Killers – Day & Age
Dei kom med nytt album som plasserar seg fint mellom Hot Fuss og Sam’s Town (med Hot Fuss som det flottaste og beste).
Kings of Leon – Only By the Night
Eit godt album frå Followill-slekta.
Real Ones – All For The Neighbourhood
Bergensarar med eitt einaste langt hitmaraton.

Mi personlege “TOPP 25 2008″:
Det er jo nesten umogleg å rangere musikk. Eg tykkjer det er litt ekkelt, for der skulle jo fort ha vore plass til minst 40 låtar på mi ultimate Topp 20-liste. Men 20 er 20, og ikkje 40, så då prøvar vi oss med 25. Ulogisk, joda. Men musikken er den beste og finaste.

01 : The Ting Tings – Shut up and let me go
02 : Vampire Weekend – Walcott
03 : Glasvegas – Geraldine
04 : Dizzee Rascal – Dance Wiv Me
05 : M83 – Kim & Jessie
06 : Blitzen Trapper – Furr
07 : Death Cab for Cutie – Cath…
08 : Cut Copy – Lights & Music
09 : Shaun Bartlett – Silk
10 : Chairlift – Bruises
11 : MGMT – Electric Feel
12 : Ryan Adams – Crossed Out Name
13 : Sigur Rós – Gobbledigook
14 : Bloc Party – Talons
15 : Real Ones – Lonesome Town
16 : Friendly Fires – Jump in the pool
17 : Kings of Leon – Sex on Fire
18 : The Gaslight Anthem – The ’59 Sound
19 : The Raconteurs – Salute Your Solution
20 : Black Kids – Hit The Heartbrakes
21 : Pendulum – Propane Nightmares
22 : Cajun Dance Party – Colourful Life
23 : The Killers – Losing Touch
24 : Duffy – Warvick Avenue
25 : Pony The Pirate – Walk The Shame

(Nesten) heile lista er å finne på Spotify. Berre klikk her for å sjekke ut lista mi.

Eg har prøvd å liste opp det eg meiner er det beste frå 2008. Absolutt ikkje det einaste gode, men det beste av det beste. Sånn omtrent. Eg har stor tru på, og ein sterk følelse av at det skal bli endå vanskelegare å begrense seg når 2009 skal oppsummerast.
Eg håpar i alle fall det!

Lyd: White Lies - To Lose My Life
White Lies er det første bandet som har fått meg til å opne øyra skikkeleg i 2009. To Lose My Life er ei nydeleg låt frå eit deilig album med same namn.

Skrive av Ronny, 01.02.2009, 20:48
Innlegget omhandlar i hovudsak: , , ,
RSS 2.0 for kommentarane - Trackback

4 kommentarar til “Den flottaste musikken frå 2008”

RadioStian, 04.02.2009, 16:36

Oh my god! Vampire Weekend <3 Den konserten på Hove altså… der sku’ du ha vært Ron!!

Fin liste – selv om det selvsagt skinner gjennom at du er bare nok et “oooh-sjå-på-meg-så-jækla-spesiell-eg-e-indiehue” haha saaaaik ;-P

Kristian, 08.02.2009, 16:35

Hei Ronny! Må berre få sagt at vi i Pony the Pirate er svært glad for all merksemd du har gitt oss! Veldig kjekt at du likar musikken:)

Joakim Radiomann, 09.02.2009, 21:51

Sitter her å fryder meg over topp 25 lista di. Er utrolig mange godlåter der.

…og To Lose My Life er rett og slett nydelig. Deilig å se den er A hos P3 nå, sammen med resten av den gode musikken ;)

Janne i trykken, 26.02.2009, 11:42

Eg sneik innom sida di utelukkande på utkikk etter ny musikk – og så hadde du pina det laga ei lang og god liste. Flaks! Let meg nemleg inspirere av musikktipsa dine til min eigen musikkblogg: http://bloggs.be/knirkefritt

Helsing Journalist-Janne som eigentleg berre veit kven du er gjennom Ingve (gamal klassekamerat av meg) – og som synest det er kjekt at ein førdianar er på P3. Røysta di og musikksmaken din gjer seg godt på radioen (: Så veit du det.

Skriv ein kommentar:

Namn:
Epost:
Nettside:

XHTML: Du kan nytte desse taggane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

Arkiv: