Vene Vancouver

Eg, Jo og Leif stakk over havet, til Vancouver, Canada, for å vitje Ole som studerar der. Og så var vi innom Seattle ein liten tur òg.
Avreisa gjekk frå Trondheim, torsdag 12. februar. Vi flaug via København, og då eg fann ut at det var snakk om Widerøe og propellfly fekk eg greitt angst. Men det gjekk fint. Heile vegen til Seattle. Det var billegare å fly dit. Perfekt timing gjorde at vi var på bussen til Vancouver berre ti minutt etter at vi hadde fått bagasjen vår.

Hotellrommet var grisefint. Vi oppgraderte til ei fin lita suite for 15 dollar ekstra. Småpengar!
Fredagen kom, Vancouver såg pent ut. Humøret var godt, to øl før klokka to. Vi stakk opp på UBC, skulen Ole går på. Fant han til slutt, etter iherdig leiting og misvisande vegbeskriving. Vi fekk digg omvisning på campus, og så reiv vi i litt kinamat.

Vidare gjekk fredagskvelden ein kjapp tur innom den særs udekorerte hybelen til Ole. For all del, kvite veggar er fint det.
Deretter gjekk turen til ein lokal pub. Ein pub så lokal at folk gjerne tok med hunden når dei var keen på ei øl. Ei dame som hadde budd i Stavanger var visst stamkunde der, og det var synd sa folk, at ho ikkje var der denne kvelden. Ho likte visst å prate norsk.

Laurdag fann eg, Jo og Leif oss ein stamkafè. Det skulle vise seg at vi kom til å ete frukost der kvar dag. Digg plass rett ved hotellet. Og denne første dagen kom vi i prat med ein servitør frå Tyskland. Ho hadde flytta vekk eit år for å jobbe, men tykte løna var heilt forferdeleg dårleg. Ho hadde ikkje råd til å drikke seg full ein gong, sa ho. Rett etterpå skulle ho riktignok plutseleg ut mandagen etterpå, og lurte på om vi ville treffast då. Ho fekk mailadressa mi, for ho hadde ikkje pengar på mobiltelefonen sin, og eg tenkte at det kanskje var dumt å gje ho gmail-adressa. Ho tok aldri kontakt.
Ole kom til sentrum. Vi tok turen til Granville Island og marknaden der. Folksomt, mykje måker. Valentines day. Eg fekk assosiasjonar til romantiske komediar der mannen alltid sjarmerar dama i senk på den lokale fiskemarknaden grytidleg på dagen. Sånn bortsett frå at dette var ettermiddag, slett ikkje romantisk og så var der ikkje overvekt av fisk heller.
Men det var hyggjeleg, altså. Ein triveleg marknad.

Søndag gjekk turen til Stanley Park. Ole hevda den var mykje større enn alle andre parkar eg har vore i. At den lett slår Central Park i New York og Hyde Park i London. Og det hadde han jammen rett i. Gigantisk park. Det hadde tatt ein god arbeidsdag å sjekke ut heile. Vi fekk med oss litt skog og vatn, gangveg, utsikt til the Vancouver Skyline, akvariumet som berre eg ville betale pengar for å sjekke ut. Og så satte vi tydlegvis av tid til å sjå på totem poles. Eg hatar slike. Dei ser så grusomt skumle ut.

Mandagen gjekk fort unna. Trasking i sentrum. Eg kjøpte ei bukse. Det var ein fin dag i Vancouver. Då det var på tide med middag fann vi ein triveleg pub. God mat, billeg øl, fin musikk. Vi vart verande der utover. I Canada er det visst pitchers som er in. Det kunne Ole fortelje. Om fleire enn ein person går ut, så skal det spleisast på store mugger med øl. Greitt for meg.

Tysdag måtte Leif reise heim. Skulen kalla heime i Trondheim. Jo besøkte slekt, eg og Ole sjekka ut piren på hamna, drakk kaffi, og var plutseleg i den mest kriminelle bydelen. Når du går forbi ein mann i 80-åra som prøvar å kjøpe hasj av ein tenåring i hettegensar… Då har du gått feil, meinar eg.
Det skumle strøket var heldigvis bittelite, og brått var der berre velstand att. Gresk middag, god stemning.

Onsdag tok eg og Jo turen til Seattle. Eit lite døgn der før heimreise måtte jo rett og slett vere bra for sjela.
Seattle er litt som New York, berre utan alt det kjekke. Det er i alle fall intrykket eg fekk etter eit døgn. Det starta bra då, med fråtsing i sjukt god mat på ein restaurant eg ikkje hugsar namnet på nett no. Men dersom du skal til Seattle, så rop ut. Eg tok med eit rabattkort derifrå. 4 turar til, så får du noko. Usikker på om det er gratis middag, men noko er det.
Vi sjekka ut byen, som ikkje eigentleg var sånn sjukt stor. Og Seattle tok kvelden tidleg. Eg prøvde å få tak i mat rundt midnatt. Ingenting var opent, sånn utanom ein sushirestaurant eit par blocks up. Greitt uaktuelt.
“The Lion Bar er alltid open”, sa dei. “Om det ikkje er ein dag med frykteleg dårleg business, då.”
Denne onsdagen var ein slik ein.
For torsdagen fekk eg ein lapp med fem turisttips av ei hyggjeleg dame på ein pub. Vi måtte sjekke ut the Seattle Underground. Byen er jo bygd oppå ruinane av ei gammal utgåve. (“We’re fucked if there’s an earthquake”, sa dama. Eg lo. Ho lo ikkje.)
Vi måtte sjekke ut marknaden, vi måtte ta ein ferjebåt til Ban Brudge Island(?). Då eg dagen etter spurde respesjonisten på hotellet om kvar vi fann denne undergroundtouren, meinte han at vi absolutt ikkje burde bruke pengar på den. Det var skikkeleg drit, meinte han, og viste teiknet der tommelen vender ned. Så då droppa vi det.

Men marknaden var skikkeleg bra, sa han. “They are like throwing the fish and stuff…”
Vi trudde på han, og gjekk til marknaden. Og marknaden var ikkje særleg mykje meir spennande enn bodene som stiller seg opp i Førde sentrum under folkemusikkfestivalen kvar sommar. I’ve seen it all before. Men vi fekk oss frukost etterkvart. På ein diner. Eller. Hamburger, fries, milkshake, diet coke. Det er jo ikkje frukost. Det er fett. Og det var digg.
Vi traska rundt i sentrum, vi fann til slutt fergebåtane, men då var klokka sopass at vi måtte droppe det òg. Det var på tide å vende nasa heimover til Trøndelag. Nedsørpa og regntungt då vi kom heim, sjølvsagt.
Men turen, den var grisedigg! Eg har hatt ei herleg veke på ferie. Og eg har tatt bilete.
Dei ser du her!
Lyd: The Airborne Toxic Event - Sometime Around Midnight
Skikkeleg godlåt, høyrd mellom anna på lokal pub i Vancouver ein fin mandagskveld i februar. Anbefalast!
Skrive av Ronny, 26.02.2009, 02:32
Innlegget omhandlar i hovudsak: Canada, Jo, Leif, Ole, reise, Seattle, tur, USA, Vancouver, øl
RSS 2.0 for kommentarane -
Trackback
2 kommentarar til “Vene Vancouver”
|
|
Nareas,
27.02.2009, 02:13 Hehe, hoppas det inte var propellflyg ända till Seattle då. Men varka ju som en finurlig tur. Mycke mat och mycke jall. Det gillar vi. |
|
|
Kathrine,
27.02.2009, 17:45 Yeah! Gøy at du blogger Ronny, det liker jeg :):) |

Ferske meiningar: