Glasvegas og russekort

Det er vår i trivelege Trøndelag

Torsdag var det sol i Trondheim. Og rikeleg med plussgrader. Eg, Leif og Sigurd spasserte frå Tyholt mot Svartlamoen i nydeleg solnedgang og ein konstant eim av eingongsgrill. Russen var igong og heile Trondheim såg ut til å vere keen på svidd kjøt.
Stoppa innom festningen. Eg har aldri vore der før. Der var fint. Vi plukka med oss nokre vener av Sigurd og spasserte vidare, med eitt einaste mål for kvelden. Glasvegas live i Verkstedhallen.

Og du verda kor digg det var. Glasvegas leverte varene. Starta med Geraldine, heldt det gåande i kring ein time med eit greitt tett sett. Avslutta sjølvsagt med Daddy’s Gone. Wohoho! Eg var stornøgd!

Bra start på mai, bra start på våren 2009.

Mandag fekk eg brev i posten. Eg får altfor skjeldent post.

I eit brev, adressert til “Ronny, avd P3, NRK” låg der ein liten bunke russekort frå ein gjeng St. Hallvardruss. Kvar det no enn er. Eg spelte nemleg ei ønskjelåt for nokre veker sidan i P3 Søndag. Ein gjeng russejenter i bil ville høyre Datarock, og lovde meg russekort om eg spelte låta.
Eg spelte låta, men hadde faktisk ikkje forventa at dei kom til å ta seg bryet med å faktisk sende dei i posten. Men det gjorde dei, gitt.
Lyttarar som held det dei lovar til gangs – bra start på veka!

Rop ut om du veit om ein ledig leiligheit i Trondheim, forresten! Med 3 soverom. Gjerne sentralt. Hadde vore greitt å vete kor ein bur til hausten snart.

Lyd: Bat for Lashes - Daniel
Årets vårlåt, enkelt og greitt! Heile albumet er digg!

Skrive av Ronny, 07.05.2009, 01:14
Innlegget omhandlar i hovudsak: , , , ,
RSS 2.0 for kommentarane - Trackback

Skriv ein kommentar:

Namn:
Epost:
Nettside:

XHTML: Du kan nytte desse taggane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

Arkiv: