Her feira eg nasjonaldagen:

Eg, Bente, Mathias, Sandra og Ørjan feira 17. mai på eit fyr, ytterst i Oslofjorden.

Det var Bente sin idè. Å leige eit gamalt fyr, på ei lita øy utanfor Fredrikstad. Ytterst i Oslofjorden.

Ein lokal fiskar henta oss laurdag morgon klokka 10. Han hadde visst plass til 25 personar i båten. Det var i alle fall det han hadde sagt til Bente. Båten var likevel veldig full då fem personar og to hundar hadde tatt plass. Og så hadde vi med oss grillmat og øl då, for fleirfoldige tusen.

Vi kom oss til, og over på andre sida av øya. Til det forlatte fyret, heilt ute på kanten. Sola strålte frå blå himmel, bølgjene skvulpa og vinden blafra forsiktig. Forbi oss segla det båtar med menneske som såg ut til å nyte laurdagen like mykje som oss. Vi fann oss til rette i fyret. Vi fekk satt igang kjøleskåpet, vi fann hagemøblane, og Sandra kopla opp Tivoliradioen sin. Og der var vi, laurdag føremiddag i godt selskap, på eit gamalt fyr som bada i sol.

Timane gjekk fort, første øla var tømt, sola hadde flytta seg nesten rundt på andre sida av fyret. Sandra og Bente kommenterte at både eg, Ørjan og Mathias hadde blitt veldig raude i kjakane. Og vi fann ut at ingen hadde tenkt på å ta med solkrem.

Men det sette ingen dempar på stemninga. Vi fyrte opp grillen og lessa i oss godt stekt kjøt og litervis med tilbehør. Fleire ølboksar vart tømde, tivoliradioen til Sandra fekk køyrd seg sopass at den gjekk tom for batteri.
Og då den gjekk tom for batteri kom vi på at det hadde vi heller ikkje med oss.

Men trur du ikkje der stod ein cd-spelar på kjøkkenet?
Joda. Den gjekk tilogmed på straum.

Kvelden kom, sola gjekk ned og vi flytta oss inn i det stilige fyrtårnforma uthuset, kvar vi hadde panoramautsikt og varme.
Melodi Grand Prix var godt igong, og vi måtte sjekke korleis det gjekk. Vi fann til slutt svensk radio som overførte finalen. Stemninga steig, og vi testa ut drikkeleiken der du supar av øla kvar gong nokon syng falskt eller modulerar. Der måtte jo brått supast litt då Rybak’en song òg.

Vi flytta oss etterkvart inn i stova på fyret, slik at vi tydlegare kunne høyre kva som skjedde i Grand Prix. Svensk P4 stod på full guffe i det Noreg fekk sine første tolv poeng. Mathias måtte halde i antenna, for dekninga var ikkje på topp. Og Mathias heldt fast han, til vi hadde vunne Eurovision Song Contest, og Alexander Rybak drog låta si endå ein gong. Og jammen hadde det blitt nasjonaldag òg, sidan sist vi såg på klokka.

Vi feira både norsk siger og nasjonaldag med bålbrenning ute på berget. Stemninga var på topp!

Og det var den søndag morgon òg. Ørjan laga kaffi som vi kosa oss med i sola. Grillen vart fyrt opp nok ein gong, og kilovis med kjøt vart nok ein gong ete medan sola skein og båtane segla forbi med norske flagg.

Eg kunne godt vore der ein dag til. Heile helga var rett og slett awesome, sjølv om vi berre hadde utedo.

Eg har lagt ut nokre fotos frå turen. Du kan sjå dei her.

Lyd: Passion Pit - Little Secrets
Fengjande, sommarleg låt frå albumet Manners.

Skrive av Ronny, 22.05.2009, 01:07
Innlegget omhandlar i hovudsak: , , , , , , , , , , ,
RSS 2.0 for kommentarane - Trackback

1 kommentar til “Her feira eg nasjonaldagen:”

Mathias, 22.05.2009, 13:35

Friggin cozy, mr!

Skriv ein kommentar:

Namn:
Epost:
Nettside:

XHTML: Du kan nytte desse taggane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

Arkiv: