Så stod vi der…

Eg har flytta til Oslo for sommaren. Eg trivst veldig godt her, og livet er ein dans på roser.
Men på laurdag var der lite rosedans. For der stod vi. Eg, Mathias og Bente. På E6. Utan olje.

First things first:

Fredag kveld regna og tordna vekk. Då var det ekstra digg at finvêret var tilbake på laurdag. Eg, Mathias og Bente tok turen til Bogstadvatnet med grill, badetøy og rikeleg væske.

Sola kom og gjekk. Temperaturen var skyhøg. Alle var glade. Vi fekk grilla oss ein fin frukost, eg fekk tatt første utandørsbadet i år, alle vart solbrent. Det var total sommaridyll.

Etterkvart måtte vi pakke saman. Sandra hadde invitert til gebursdagsselskap i Fredrikstad. Det var på tide å krysse fylkesgrenser igjen.

Og der sat vi på E6. I bilen til Mathias. Eg hadde opna seksaren med Coronas, eg var i slaget. Alle sang med til The Boys Are Back in Town på radioen, heilt til ei varsellampe byrja blinke. Der var ikkje olje att i bilen.

Mathias måtte hive på seg den obligatoriske refleksvesten. Eg og Bente prøvde å få haik til næraste bensinstasjon. Vi fekk det ikkje. Eg smilte og var glad, men ingen stoppa… før eg snudde meg vekk ei lita stund. Då dukka der opp ein raud liten bil, med tre halvnakne karar med rastafletter og stødig engelskuttale. Dei hadde olje, og vi fekk låne olje av dei. Karane vart overvelda då Mathias ga dei tre øl for strevet. Eg har aldri sett nokon bli så glad for å få øl før.

Vi kom oss til Fredrikstad. Bursdagsfesten var kjempefin. Søndagen gjorde vi det same som alle andre – vi tok turen til Sverige. Så … mykje … kø …

Sjølv om harryhandelkøene var lange, var helga nydeleg. Eg håpar og trur på fleire slike i sommar. Gode helger, altså.

Forresten, du. Eg vil anbefale to bloggar:
Aaker and Klausen er Vegard og Asbjørn som bloggar frå New Zealand under tittelen “Ein sumarferie litt utanom det vanlege!”

og

BingoBingo.no som er Mathias og Bente sin nye blogg. Dei skriv av og til om meg, og det likar eg.

Lyd: Arctic Monkeys - Crying Lightning
ARCTIC MONKEYS ER TILBAKE! Ny singel. Eg har sikkert høyrd den 30 gonger på 24 timar. Få den inn på iPoden din, no!

Skrive av Ronny, 09.07.2009, 01:51
Innlegget omhandlar i hovudsak: , , , , , , ,
RSS 2.0 for kommentarane - Trackback

4 kommentarar til “Så stod vi der…”

Kjetil Birkeland Moe, 09.07.2009, 11:41

Digger ordet ‘kveps’! Hørte det på riksdekkende radio igår – meget bra.

Ronny, 09.07.2009, 21:11

Digg at du digga ordet kveps, Kjetil!

Thorbjørn, 10.07.2009, 10:43

Liker det meste Ronny seier på lufta. Digger stemmen hans ;)

Karin, 22.07.2009, 01:03

Jer så til de grader enig! Er bare veldig veldig glad i stemmen hans!<3

Skriv ein kommentar:

Namn:
Epost:
Nettside:

XHTML: Du kan nytte desse taggane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

Arkiv: