Spotify in da house

Eg har lyst til å dele spelelistene mine med deg, og så syns eg du kan dele dine med meg.
Spotify er grisedigg. Sånn utanom når du sit på nattbussen frå Trondheim til Førde og har lyst på same utvalet. Går rett og slett ikkje bra.
Men, her og no er eg på verdsveven, og nett no spelar eg det nye albumet til Salem.
Kanskje likar eg songane der så godt at eg flyttar dei inn i Friskt og fint-lista mi? Det er der eg kastar inn all musikk eg kjem over, uansett sjanger og anna båssetjing. Eg likar den, er einaste kriteriet.
ronnyponny si “Friskt og fint”-liste på Spotify
Eg skal dele fleire lister etterkvart som dei inneheld meir enn sju songar. Eg har ei guilty pleassure-liste som heiter “Knask” og ei generell godliste med musikk som ikkje er heilt ny som heiter “Eg likar det”. Dei tar vi litt seinare.
Men, kan ikkje du dele dine spelelister på Spotify? Eg vil ha lister! Legg inn lista di i kommentarfeltet under, yow!
Lyd: Jamie T - Sticks 'n' Stones
Hald deg fast! Jamie T er tilbake, og har med seg alle dei gode minnene eg har knytt til det førre albumet hans. Hurra!
Skrive av Ronny, 10.07.2009, 01:07
Innlegget omhandlar i hovudsak: musikk, Spotify
RSS 2.0 for kommentarane -
Trackback
6 kommentarar til “Spotify in da house”
|
|
Nareas,
11.07.2009, 23:27 Har en lista jag med som är öppen. En lista av remixar och sånt: “Schöna mixär” |
|
|
Kjetil Birkeland Moe,
16.07.2009, 17:21 Her er en ganske variert liste, både norsk og utenlandsk, og fransk som jeg overhode ikke begriper meg på. Men det er fint å høre på likevel :) http://open.spotify.com/user/kjetilbmoe/playlist/4gajGZ4tJqA4ICgQQnkzBD |
|
|
|
|
|
|
|
|

Ferske meiningar: