Tankar frå hiphopkonsert

Eg har vore på Tungtvann på Træsken i Førde, og så har eg sett Erik & Kriss i regnet ved Nidarosdomen i Trondheim. Men i dag har eg vore på The Game-konsert på sjølvaste Rockefeller. Morsomt.
P3 Sommer-redaksjonen hadde ei lita night out i kveld. Bonding og teambuilding og sånn. Det var kjempehyggjeleg, og det var moro å vere med på sånn ordentleg hip-hop-konsert, med eit publikum som er både engasjert og dedikert.
Men:
Når eit litt over halvfult Rockefeller hoppar opp og ned, og ropar “FUCK JAY-Z”, meiner alle det? Syns alle folka i lokalet at Jay-Z har lite å fare med? At The Game produserar feit musikk, medan Jay-Z berre er gammal og skrøpeleg?
For det heile starta med litt “fuck jay-z-allsang”.
Publikum skal ha for entusiasmen då. Herregud, dei var i slaget. Men eg tvilar på at samtlege spyttar på og brenn Jay-Z-platene sine.
Og så fekk vi jo litt Michael Jackson-hyllest. Nesten 15 minutt av det, faktisk. Ein av dansarane til Madonna, som jo er i byen, tok scena. Og på scena stod allereie omkring alle damene i lokalet. For han The Game, eller Gamisen, som eg kallar han frå no av, hadde invitert alle damene på Rockefeller opp på scena.
Kosleg.
Vidare fekk vi litt ymse. Eg venta jo på “Hate It Or Love It”. Den kom den. Eitt minutt av den. The Game drog eit vers og eit refreng, før han hoppa over i noke vas eg var mindre interessert i. Kjipt, for der var gåsehuda på gang, faktisk. Publikum var jo i ekstase.
Etterpå gjekk det slag i slag. Halvfulle Rockefeller kokte under “My Life”, og så ville Gamisen og vennane hans at alle skulle vere med på afterparty… På Jessheim. Etter at Game gjekk av scena stod kompisane att, og meinte at alle jentene som ville på afterparty skulle komme bort til scena. Gutane som ville på afterparty, derimot, vart bedne om å kjøpe The Game-t-shirts i gangen. Haha!
Lyd: The Temper Trap - Sweet Disposition
Feit låt frå australsk band som Ørjan tipsa meg om.
Skrive av Ronny, 28.07.2009, 01:46
Innlegget omhandlar i hovudsak: konsert, musikk, the game
RSS 2.0 for kommentarane -
Trackback
1 kommentar til “Tankar frå hiphopkonsert”
|
|
Il tante gigante,
30.07.2009, 01:08 men…du er ikke min svoger, det er han som er den ekte Ronny Ponny og han er eldre enn deg. Skal vi elske? |

Ferske meiningar: