Eg er visst fan av Arctic Monkeys

I dag kom tredje plata til britiske Arctic Monkeys ut. Og i dag var eg for andre gong på plass, på mi lokale platesjappe for å kjøpe ny Arctic Monkeys-plate på utgivelsesdatoen.

Sist, då “Favourite Worst Nightmare” kom ut våren 2007, budde eg i London. Folk hadde gledd seg. Tydlegvis heile England. Eg høyrde på BBC Radio 1 på skulen, og rundt lønsjtider kunne dei melde i nyhendene at fyrste partiet av plata allereie var utseld fleire plassar. Spesielt i London. Der var det heilt utseld, sa dei. Men etter skulen traska eg no likevel inn på mi lokale sjappe i området rundt Wood Green. I strøket der vi budde likte folk stort sett det heitaste innan hiphop, og musikk frå Aust-Europa, så på HMV var hyllene fulle av den nye AM-plata.

Så eg fekk meg ein kopi, på releasedatoen for plata. Og det fekk eg meg denne gongen òg, gitt. “Humbug” kom ut i dag, men det var like før eg lot vere å gå til anskaffelse av eit fysisk produkt.

For eg har byrja tvile på om eg vil halde fram med å kjøpe cd-plater. For dei tek opp plass, og eg legg dei jo berre rett inn på macen uansett. Rett over midnatt i natt vart eg sugen på å sjekke ut “Humbug”, og prøvde å finne denne på iTunes, og i mp3-butikken til Platekompaniet. Men ingen kunne tilby ein lovleg, digital kopi av den nye plata til dei unge britane som leverte så deilig på Øya for ei god veke sidan.

Så då traska eg heller på butikken i kveld. Raska plata ned frå hylla, og traska mot kassa. Og det føltest godt, å nok ein gong handle ein fysisk kopi av ei plate eg ikkje har høyrd, men som eg har ståltru på vil innfri mine forventningar. Dermed er eg nok ein gong i beit, om kor vidt eg vil slutte å kjøpe plater.

Wolfgang har skrive litt om dette med cd-plater og sal vs. leige på P3-sidene i dag faktisk. Eg er usikker på korleis eg skal konsumere musikk i framtida, men nett no følast det veldig godt å ta fyrstelytten på ny Arctic Monkeys-plate som eg har kjøpt, og fått fysisk, i bærepose med kvittering, i ein ekte butikk.

Lyd: Arctic Monkeys - Crying Lightning
Fyrstesingelen frå plata, og einaste sporet frå plata som førebels er å finne på Spotify. Fantastisk låt!

Skrive av Ronny, 24.08.2009, 23:00
Innlegget omhandlar i hovudsak: , , , ,
RSS 2.0 for kommentarane - Trackback

1 kommentar til “Eg er visst fan av Arctic Monkeys”

Erlend, 24.08.2009, 23:15

Eg slit med det samme som deg Ronny – fortsette å kjøpe plater eller digitalisere totalt? Kompromisset så langt er å kjøpe fysisk dei artistane eg verkeleg likar etter å ha prøvd dei ut på spotify ei stund. Det som irriterer ein smule er at spotify (premium sjølvsagt) i mange tilfelle er treige med å få ut nye album.. Nokre gonger så treige at piratebay er for fristande..

Skriv ein kommentar:

Namn:
Epost:
Nettside:

XHTML: Du kan nytte desse taggane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

Arkiv: