Kaos!

Eg har ikkje heilt fått tid til å pakke meg ut i nye leiligheita i Trondheim eingong, og no tar det av her.

Eg har tatt ferie. Det følast rart. Eg har jo jobba heile sommaren, medan alle andre har reist til andre sida av kloda, eller berre til syden. Eller dei har gått Norge på langs. No er det min tur. Eg reiser til New York på tysdag, saman med Katrine, som òg har tatt ferie no.

I New York skal eg henge på Manhattan, gå mykje, drikke ein del øl, ete usunn mat, handle. I hovudsak nyte livet.

Og så reiser eg heimatt onsdag 23. Eller, eg reiser onsdagen, men er framme fyrst torsdag føremiddag. Og då er eg framme i Oslo, ikkje Trondheim. For då brakar det laus med Radiodager i hovudstaden. Mellom anna skal årets Prix Radio-prisar delast ut. Eg er faktisk nominert heile tre gonger. Ikkje at eg trur eg har større moglegheiter til å vinne. Eg trur faktisk ikkje eg tek heim ein einaste pris. Men fest og moro, det blir det garantert – og det gler eg meg til!

Når eg forhåpentlegvis har komt meg gjennom Radiodager utan jetlag og med reine klede, ryktast det at Mathias og Bente skal arrangere innflytting/bursdagsfest. Det kjem nok til å ta greitt av i ei leiligheit eit stykke utanfor Oslo sentrum den laurdagskvelden. Eg håpar dei har overnattingsplass til meg.

Så er det heimatt til Trondheim søndagskvelden, og tilbake på jobb mandag. Men eg skal berre jobbe til onsdag, for på torsdag er det kanalsamling for heile P3. Seminar og sosialt samvære tre dagar til ende, det har eg trua på!

Og då har det jo blitt oktober. Jøsses.

Då brakar UKA laus her i trønderhovudstaden. Jay-Z kjem. Det skal eg sjølvsagt få med meg. Håpar òg eg kjem meg på Franz Ferdinand og Veronica Maggio. I alle fall.

I oktober håpar eg at eg òg endeleg får tatt meg ein tur heim til Førde. Eg har jo ikkje vore heime sidan starten av juni. Det er på tide no. Og som om ikkje det var nok, skjer der rikeleg med spennande ting i årets tiande månad.

Eg har rikeleg å sjå fram til. Den hausten her kjem til å gå fort, og snart er det jul.

Lyd: Jay-Z + Alicia Keys - Empire State of Mind (iTunes)
Jay-Z kjem til Uka! Eg har ordna meg billett. Jay-Z har sluppe nytt album. Denne låta syns eg er nydeleg. Rart, eigentleg, at Run This Town er singel.

Skrive av Ronny, 14.09.2009, 01:07
Innlegget omhandlar i hovudsak: , , , , , , ,
RSS 2.0 for kommentarane - Trackback

2 kommentarar til “Kaos!”

Kathrine, 14.09.2009, 21:30

Goooooooood tur Ronny! Håper du får en strålende tur, shop litt for meg osgå a;) Gleder meg til du kommer til Oslo:D Blir stas!

Hanne, 13.10.2009, 10:12

Utfordringen går som følger:
- Gå inn på Mine bilder
- Gå inn på den 4. eller 7. mappen
- Velg det 4. eller 7. bildet
- Post bildet, og skriv litt om det.
- Gi deretter utfordringen videre til 6 andre bloggere, og gi de beskjed om det.

en liten utfordring jeg håper du tar :D

Skriv ein kommentar:

Namn:
Epost:
Nettside:

XHTML: Du kan nytte desse taggane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

Arkiv: