Mitt nye liv…

… startar klokka 05:00. Eg har plutseleg flytta til Oslo, eg har fått jobb som programleiar for P3Morgen, og mitt liv som a-menneske startar i morgon.

Eg trur eg har trua på at eg skal klare å starte dagen klokka 5. Vi har prøvd litt, og det har vore overraskande deilig. Kor vidt det framleis er deilig i januar, får vi nesten berre sjå. Eg har jo ingen erfaringar eg kan byggje teoriar på.

Med det å flytte til Oslo har jo òg denne bloggen døydd. Eller, den har jo aldri vore spesielt aktiv. Men no har den liksom flata totalt ut. Når eg endeleg får flytta inn i min nye leiligheit i løpet av neste veke, kan det jo hende den blir superaktiv. Eg veit ikkje om eg trur det.

Førebels står alt eg eig, untatt kleda mine og vekkarklokka mi på rommet mitt i Trondheim. Eg bur i ein “leiligheit” i Nydalen. Midlertidig. Det er som eit halvvegs gjennomført hotellrom. Der er kokeplater, men ingenting å koke med. Der er liksom reine handklede og nokon som vaskar. Dei berre vaskar frykteleg dårleg. Omtrent ikkje.

Og så er der tydlegvis lenge sidan sist nokon budde der. Dei skrudde likegodt av sikringa, og lot kjøleskapdøra stå att. Så inni der luktar det grusomt. Eg har bestemt meg for at eg ikkje kjem til å vaske det, sidan dei som leiger ut virkar smått ubrukelege.

Men no skal eg ikkje bu der så mykje lengre, så eg burde jo ikkje orke å klage, men så gjorde eg det. Beklager.

Lyd: Kråkesølv - Privat Regn
Fantastisk lita låt frå Bodøbandet Kråkesølv. Anbefalast på det sterkaste!

Skrive av Ronny, 01.11.2009, 22:56
Innlegget omhandlar i hovudsak: , , , , ,
RSS 2.0 for kommentarane - Trackback

2 kommentarar til “Mitt nye liv…”

:-), 01.11.2009, 23:03

Du får ha lykke til med det da. Gleder meg til i morgen tidlig! :-)

Hanne, 11.11.2009, 11:14

Synes du gjør en bra jobb jeg Ronny!! :)

Skriv ein kommentar:

Namn:
Epost:
Nettside:

XHTML: Du kan nytte desse taggane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

Arkiv: