Fotografi frå New York

Eg var i New York i september. No har eg endeleg somla meg til å leggje ut fotos og ei lita reiseskildring.
Eg kasta meg eigentleg på ferien til Katrine i siste liten. Begge hadde rikeleg med ferie, og Katrine kom i kontakt med ei dame som var keen på å leige ut leiligheita si på Manhattan medan ho var på reportasjetur eller noko slikt. Og då vart det plutseleg veldig billig å bu ei god veke i byen som aldri søv.
Bygården som låg nede på tiande var visst under konstant overvåking. Rykta gjekk om narkotikaverksemd, men vi merka ingenting til det. Vi var eigentleg ikkje så mykje heime i leiligheita.
New York var herleg varmt. Det var vêr for t-skjorte. Det var luksus og glede. Eg feira bursdagen min i the big apple. Bursdagsgåva frå Katrine var ein liten session hjå ei spåkone som kunne fortelje meg at 2010 ville bli eit sjukt bra år for meg. Og så ville november i år bli bra, og så måtte eg reise meir. Få utløp for følelsar. Ho foreslo Hawaii. Og så fekk ho ein telefon undervegs frå nokon som lurte på når ho skulle heim. Bra greier. Eg tykte det var sjukt gøy.
Vi vitja óg Coney Island. Om du tek t-bana ca 30 minutt frå Manhattan og langt, langt inn i Brooklynland, dukkar du plutseleg opp i noko som minna meg veldig om Brighton. Eit slags minisyden. Visstnok styrt av russisk mafia, og veldig stusseleg utanom sesongen. Vi vasa rundt på den lokale strandprominaden, og ut på piren. Møtte ein hyggjeleg fyr som var venn med alle uteliggjarane og fiskarane der. Denne kvelden var ganske varm og ganske roleg. Det tek visst av på Coney Island sommarstid, og så døyr det brått på hausten. Alle bodene, med stygge skilt fulle av skrivefeil var stengd, men frå langt vekke kunne vi høyre svak dur av det siste frå Miley Cyrus.
Vi skulle på Ida Maria-konsert òg. Men ho måtte jo avlyse USA-turnèen den dagen ho skulle spele i New York. Fekk oppleve Little Boots og Ladyhawke og sånn då. Det var litt stas. Katrine tykte Ladyhawke var grusomt, og eg kan vel til ei viss grad vere einig i at energinivået til New Zealandjenta var frykteleg labert.
Med nydeleg vêr vart det sjølvsagt òg henging i Central Park. Og så handla eg sjukt masse. Sist eg var i New York tykte eg Brooklyn var skummelt, mest fordi eg var redd for å bli skutt av forbikøyrande bilar. Har sett så mykje skummelt og Brooklynrelatert på film, veit du. Denne gongen derimot, med Katrine som seriøs NY-guide var det slett ikkje skummelt. Oppdaga òg kor bra den nedre delen av Manhattan er. Fekk nesten angst av kaoset på Times Square, og trivdest godt nede i East Village og Soho og Lower East Side og alle dei plassane der. Har framleis, etter to besøk, null kontroll på kva områder som er kor.
Men, hei! Sjekk bileta frå turen då du:
Sjekk fotoalbum frå New York her
Lyd: The Killers - Happy Birthday Guadalupe!
Nok eit år med veldedig julelåt frå The Killers. Fabelaktig sak. Men kjøp den då, i staden for å lytte på Spotify. Då gir du cash til veldedigheit.
Skrive av Ronny, 14.12.2009, 20:39
Innlegget omhandlar i hovudsak: Manhattan, New York, NYC, reise, tur
RSS 2.0 for kommentarane -
Trackback




Ferske meiningar: