Den flottaste musikken frå 2009

Eit musikkår er over, og eg vil oppsummere det. Eg vil lage lister, eg vil finne ut kva musikk eg elska mest i 2009.

Etter å ha gått gjennom alle platekjøpa mine det siste året, og etter å ha sondert alle Spotifyplaylistsa mine, har eg prøvd å oppsummere dei deiligaste musikalske oppturane, og eg har laga lister over albuma og låtane eg kjem til å høyre på langt inn i det nye tiåret. Fyrst, i tilfeldig rekkefølge, med Spotify-lenkjer:

Albuma eg elska aller mest i 2009

Bat for Lashes – Two Suns

Bat for Lashes sørga, blandt andre, for lydsporet til sommaren 2009 for min del. Eg hugsar framleis den natta eg sat på buss frå Trondheim til Førde. Fyrste helga i juni. Eg skulle heim til sommarfest, og sleit som vanleg med å sove på bussen. Eg sette på Two Suns, på veg over Strynefjellet, og det føltest så vakkert, så rett. Sola var på veg opp. Det var lenge sidan sist eg var heime i Sogn og Fjordane. Alt føltest perfekt der og då, fordi Bat for Lashes-plata er så stemningsskapande og deilig.

Arctic Monkeys – Humbug

Tredje plata til dei arktiske apene, og for tredje gong trappa eg opp på platesjappa på sleppdatoen. Eg elskar Arctic Monkeys, og heller ikkje denne gongen skuffa dei. Nydeleg plate som har fått køyrd seg på iPoden.

John Olav Nilsen & Gjengen – For sant til å vere godt

Eg trur eg høyrde plata minst ti gonger på veg til og frå New York i september. Han kallast av mange den nye Jokke. Eg gleda meg til plata sidan dagen eg fyrste gong høyrde “Diamanter & Kirsebær”. Og han er definitivt det beste som kom ut av det norske rockeåret 2009. Plata er nydeleg, frå ende til annan.

Passion Pit – Manners

Passion Pit. Hohoho. Grisefett album som har tatt meg med storm i året som har gått. Eg meiner å hugse at Lydverket kalte dei ein vårkåt versjon av MGMT, og den trur eg at eg er med på. Rett og slett fabelaktig frå ende til anna.

White Lies – To Lose My Life

Eg hugsar at musikkprodusentane i P3 kom tilbake frå musikkfestival med tittelsporet frå denne plata. Dei var begeistra, eg vart begeistra. Albumet vart kjøpt, albumet vart spelt. Mykje.

Bon Iver – Blood Bank

Eg oppdaga faktisk fyrst 2008-albumet “For Emma, forever ago” i 2009. Eg har forelska meg i musikken, og Bon Iver er nok eitt av banda eg har høyrd aller mest på i året som har gått. Digg då, at dei slapp ein ny EP, sånn rett etter at eg oppdaga dei.

Andre plater som fengsla meg i 2009:

Eva & The Heartmaker – Let’s Keep This Up Forever
Snasen pop, og det endelege gjennombrotet for Eva og typen.

Röyksopp – Junior
Plata som fekk meg til å byrje betale for Spotify, og som infridde så hardt at eg òg måtte kjøpe den fysisk.

Yeah Yeah Yeahs – It’s Blitz!
It’s Blitz skulle vise seg å bli fyrste Yeah Yeah Yeahs-plata i samlinga mi. Eg meinar å ha lest middelmådige kritikkar. Eg seier fuck det, eg elska plata.

La Roux – La Roux
La Roux har tatt oss alle med storm i 2009, meg inkludert!

Mi personlege Topp 25 frå 2009:

01: Bat for Lashes – Daniel
02: Passion Pit – Little Secrets
03: White Lies – Farewell to the fairground
04: Friendly Fires – Kiss of life
05: Montée – Isle of Now
06: Fleet Foxes – Mykonos
07: Phoenix – Lisztomania
08: Röyksopp + Robyn – The Girl and the Robot
09: Bon Iver – Blood Bank
10: Donkeyboy – Ambitions
11: Mew – Beach
12: Miike Snow – Burial
13: Grizzly Bear – Two Weeks
14: Jamie T – Sticks ‘n’ Stones
15: Jack Penate – Be The One
16: Kråkesølv – Privat Regn
17: Salem – Astronaut
18: Arctic Monkeys – Crying Lightning
19: Grand Island – Angelila
20: Florence + The Machine – Rabbit Heart (Raise it up)
21:  La Roux – Quicksand
22: Owl City – Fireflies
23: Yeasayer – Ambling Alp
24: Jay-Z + Alicia Keys – Empire State of Mind
25: The Temper Trap – Sweet Disposition

Mi “Topp 25 2009″-liste i Spotify

Dette er altså mi personlege oppsummering av musikkåret 2009. Låtane og platene som har gjort meg lukkeleg. Blir eg gira på å lage fleire lister dukkar der kanskje opp ei oversikt med favorittar frå siste tiåret òg. Vi får sjå. Her er listene mine frå 20082007 og 2006.

Lyd: Howl - Misdemeanors
Frekk ny melodi frå Howl, som gjer at eg gler meg enormt til nytt album i mars.

Skrive av Ronny, 09.01.2010, 23:53
Innlegget omhandlar i hovudsak: , , ,
RSS 2.0 for kommentarane - Trackback

1 kommentar til “Den flottaste musikken frå 2009”

Leif, 10.01.2010, 00:18

Hei Ronny !

Sjølv om mi top20 liste kun inneheld to songar frå di top25 liste, godkjenn eg herved musikkvalga dine! Strålande opplegg.

Mi top20, sammen med Mi albumsliste

Skriv ein kommentar:

Namn:
Epost:
Nettside:

XHTML: Du kan nytte desse taggane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

Arkiv: