Godt nytt år!

030109 - Sauehaue

2010. Nytt år. Nytt tiår faktisk. Nye, deilige moglegheitar og oppsummering av tid som har gått. Det får vi ta seinare. Eg vil berre dele nokre trivelege fotos frå jula vi nett har vore gjennom.

Biletet over er jo av sauefjeset eg åt fyrste juledagen. Eg blir alltid litt skeptisk når eg får hodet på fatet, og eg må jo få hjelp til å rive opp kjeven på dyret. Men kjøtet er digg, då. Og selskapet er utsøkt. Nokre fleire fotos frå sauelaget? Javisst!

030110_rune

Her kosar Rune seg framføre den digitale peisen han har fått seg. Vi satte opp ein oljeomn framføre fjernsynet, slik at heile greia skulle bli hakket meir realistisk. Det funka. Eg trudde på det. 

 

030110_orjan

Ørjan skålar i øl. Lukkeleg mett, etter å ha slafsa i seg kjøt frå hodet til fleire sauar. Det er slikt vi kallar good times.

 

030110_asbjorn

Signe var skeptisk. Asbjørn derimot er sjølve initiativtakaren bak skoltelaget. Han fiksar skoltar, han kokar skoltar, han kan skoltar. Dyktig kar. Kan definitivt bli noko innanfor skolteindustrien om han vil. 

Eg tok bilete av både Geir Ove, Jo og Kim òg. Men mobilkameraet mitt er ikkje alltid på lag. Lite å skryte av sånn kvalitetsmessig. 

Ellers hadde eg publisert til fingrane blødde. 

Eg møtte forresten andre folk i jula òg:

030110_leif

Her ser du nesten Stian til venstre. Og så Ole. Og Leif då. Leif som har budd eit halvt år i amerika, og som titt og ofte viser oss korleis folk der borte poserar på fotografi. Stilig!

030110_toregeir

Her er Geir Ove og Tore òg. Tore har lagt att eit brettspel heime hjå meg. Eit dårleg brettspel. Guinness World Records-spel, liksom. Med DVD, som skal lure oss til å tenke “aiaiai! FANCY!” i staden for “gud, dette går tregt.”

Førde i jula er awesome. Rett og slett suverent. Det er så deilig å vere heime. Så deilig at eg blir litt til.

Godt nytt år, du! 2010 blir nice!

Lyd: Yeasayer - Ambling Alp
Fabelaktig ny låt frå Yeasayer. Eg vil kalle det ei nydeleg poplåt. Du kjem til å elske den.

Skrive av Ronny, 03.01.2010, 03:05
Innlegget omhandlar i hovudsak: , , , , , ,
RSS 2.0 for kommentarane - Trackback

1 kommentar til “Godt nytt år!”

Frøken Friken (Linda), 07.01.2010, 01:28

Ørjan så ganske så mett og fornøyd ut, ja;)

Skriv ein kommentar:

Namn:
Epost:
Nettside:

XHTML: Du kan nytte desse taggane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

Arkiv: