Fotofest!

Det skulle nesten berre mangle, når bloggen ikkje har vorte oppdatert på eit halvt år, at eg klaskar til med to fotogalleri samstundes!

Det er sommarferie, og eg trivst med omvendt døgnrytme av den eg vanlegvis har, late dagar og ein del øl. Det er sommar, det er ferie og det følast vidunderleg. Og i ferien opplever ein gjerne ting ein vil fotografere. Difor har eg lagt ut to nye album i dag. (… i natt, ja.)

Det fyrste fyrst:

Søndag fjerde juli feira vi amerikansk nasjonaldag ved å setje ut på roadtrip til Bremangerlandet. Eg, Tore, Leif og Jo. Kvifor ikkje? Det er jo fint der ute, og søndagskvelden låg open som ei tom bok. Vi kom oss med siste ferja, og fekk matservering på Knutholmen ein time etter at kjøkkenet eigentleg hadde stengt. Good times, indeed!

Når natta fall på var det berre timar att til Jo skulle på jobb i Svelgen. Det passa jo glitrande, sidan vi likevel måtte køyre innom på veg tilbake til Førde.

Eg fotograferte det heile, og du kan sjå på det her!

Førre veke tok eg, Tore, Leif, Ørjan og Geir Ove turen til Praha. Der har aldri vore så hett før, sa resepsjonist Ivan på hotellet vårt, medan han tørka svette frå panna og beklaga den streikande airconditionen. Eg har lært at ein ikkje skal klage på varme, når Norge er så kaldt som det er, og difor gjorde eg heller ikkje det. Eg naut god mat og godt øl i staden. Og så kika eg rundt i byen. Litt. Men som du ser på bileta, mest godt øl, god mat og god stemning!

Fotografi frå Praha her!

Lyd: Mark Ronson og vener - Bang Bang Bang
Ronson er tilbake, og det er jo nok ein gong grisecatchy! HELLO!

Skrive av Ronny, 20.07.2010, 05:07
Innlegget omhandlar i hovudsak: , , , , , , , , , ,
RSS 2.0 for kommentarane - Trackback

1 kommentar til “Fotofest!”

Benedikte, 08.11.2010, 13:41

Jeg synes du skal blogge mer, Ronny!

Skriv ein kommentar:

Namn:
Epost:
Nettside:

XHTML: Du kan nytte desse taggane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

Arkiv: