Nye, flotte fotos

Eg har rydda litt. Digitalt, altså. Tatt eit lite skippertak. Og det har resultert i at eg har lagt ut 3 “nye” fotoalbum.

12.-20.07.11 – Paris og Roma
Det nyaste fotoalbumet eg har lagt ut. I sommar sjekka vi ut Europa. Fyrst stakk eg, Rune, Ørjan og Geir Ove til Paris. Vi hang der nokre dagar. Sjekka ut byen. Kosa oss glugg. Så, på fredagen flaug vi til Roma. Der møtte vi Asbjørn og Jo. Og så berre heldt vi fram i same stil der. Sjekka ut byen, kosa oss. Og her er bileta av alt saman!


30.12.10-07.01.11 – Los Angeles og Las Vegas
Asbjørn inviterte oss over til Amerika for nyttårsfeiring. Det måtte vi jo hive oss på! Stor stemning og mykje glede i Los Angeles på nyttårsafta, og så stakk vi ein tur innom Las Vegas. Eg spelte vekk alle pengane mine. Men det var gøy likevel. Sjekk fotografia, då vel.


04.-07.11.10 – Dublin
I haust sjekka eg, Mathias, Ørjan, Amund og Kathrine ut Dublin. Vi var på ein liten helgevisitt. Og vi sjekka ut mykje forskjellig øl. Og så fekk eg diplom som viser at eg kan å tappe ein ekte Guinness frå kran! WOHA!

Ah! Tre flotte turar, foreviga gjennom fotografi. Goodtimes!

Lyd: Team Me - With my hands covering both of my eyes... (Spotify)
Eg er hodestups forelska i denne nye singelen til Team Me. Eg høyrer på den omatt og omatt og omatt og får aldri nok.

Skrive av Ronny, 06.08.2011, 16:37
Innlegget omhandlar i hovudsak: , , , , , , , , , ,
RSS 2.0 for kommentarane - Trackback

1 kommentar til “Nye, flotte fotos”

cam, 11.12.2011, 21:48

Ronny!
Jeg synes du virker så herlig. utrolig sjarmerende og spesiell på din egen måte. Stå på, vi trenger folk som deg:)

Skriv ein kommentar:

Namn:
Epost:
Nettside:

XHTML: Du kan nytte desse taggane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

Arkiv: