Ronny?
Ronny, ja. Snorkar, søv lenge om moglegheita byr seg, har litt flyskrekk, men likar å reise. Elskar musikk, men dansar sjeldan. Elskar òg radiomediet, jobbar i radio, er radionerd. Eg kjem frå Førde, Sogn og Fjordane. Kåra til styggaste byen i Norge - to gonger. Men Førde er nydeleg, i alle fall delar av Førde. No bur eg i Trondheim. Eg jobbar her. I NRK P3. Radiokanalen eg har elska sidan eg oppdaga radioen, og magien i dette vidunderlege mediet.
I Trøndelaghovudstaden bur eg for tida i femte etasje, utan heis, i Ila. Her bur eg med Asbjørn og Jo, og har trua på framtida.
Før Trondheim budde eg eit halvt år i 20 Alfoxton Avenue, eit skjetent gamalt hus i Nord-London. Men det var eit fantastisk halvår, sjølv om der var sopp på badet og sneglar i gongen. Eg vart forelska i London, og drøymer om å bu der endå litt meir ein gong.
Halvåret i London studerte eg ved London Metropolitan University. Eg var på utveksling frå Høgskulen i Østfold, kor eg hoppa av etter andre året på ein bachelor i Digital Medieproduksjon. Folka i Halden var nydelege, klassemiljøet var genialt, og det var fyrste møtet mitt med det å bu heimefrå. Men skulen si satsing på pendlarstudentar gjorde til at studentmiljøet var lite aktivt. Sjølve studiet var heller ikkje mykje å skryte av, og det var difor ikkje vanskeleg å hoppe av for å ta til i draumejobben.
Før eg flytta heimefrå gjekk eg tre år på Mo og Jølster vgs, på linja for medium og kommunikasjon. Ein fantastisk klasse, full av engasjement og glede for skulen gjorde det til tre nydelege år på Vassenden i Jølster.

Ferske meiningar: