Innlegg tagga med ‘øl’

Fotofest!

Det skulle nesten berre mangle, når bloggen ikkje har vorte oppdatert på eit halvt år, at eg klaskar til med to fotogalleri samstundes!


Les meir
Lyd: Mark Ronson og vener - Bang Bang Bang

Skrive av admin, 20.07.2010, 05:07 - 1 kommentar »

Eg har opplevd Slottsfjell

Litt om det å ikkje rekke toget, og litt om ein nydeleg festival.


Les meir
Lyd: Master Shortie - Dead End

Skrive av admin, 20.07.2009, 02:15 - 2 kommentarar »

Her feira eg nasjonaldagen:

Eg, Bente, Mathias, Sandra og Ørjan feira 17. mai på eit fyr, ytterst i Oslofjorden.


Les meir
Lyd: Passion Pit - Little Secrets

Skrive av admin, 22.05.2009, 01:07 - 1 kommentar »

Vene Vancouver

Eg, Jo og Leif stakk over havet, til Vancouver, Canada, for å vitje Ole som studerar der. Og så var vi innom Seattle ein liten tur òg.


Les meir
Lyd: The Airborne Toxic Event - Sometime Around Midnight

Skrive av admin, 26.02.2009, 02:32 - 2 kommentarar »

Snasen sommarfesthelg

Sjølv med varmegrader rett oppunder 30 i sola i Trondheim, kunne eg ikkje lete vere å hoppe på bussen til Førde denne helga.


Les meir
Lyd: Duffy - Warwick Avenue

Skrive av admin, 09.06.2008, 03:01 - 4 kommentarar »

Isle of Wight – Beauty in so many ways

Det er torsdag ettermiddag, i den vesle landsbyen Godshill, søraust på Isle of Wight. Vi har ete eit godt måltid. Eg går bort til bardisken, og ber om “a pint of lager”, som i dette tilfellet tilsvarar 568 ml Carlsberg.
Samstundes spør eg den trivelege bartendaren om ho har nokre tips om kva vi bør oppleve i løpet av vårt siste døgn opå “the island”, som dei kallar øya der. Bartendaren vert avbroten av to blondiner som sit og nippar til kvar si øl litt lenger borte. “Come here. We can tell you where to go!”, seier dei entusiastisk, og finn fram papir og penn. Dei har så mykje å anbefale. Det er vel best at dei skriv det ned til meg, seier dei.

Forskjellige gode uteestadar, og flotte turistattraksjonar rasar ut av munnen på den eine blondina, medan ho andre slit med å halde det same tempoet på papiret. Det er då resten av det lokale klientellet oppdagar at her er turistar, og at vi ønskjer tips. Plutseleg står eg der, med “a pint of lager” i handa, imponert over at kring ti personar diskuterar, frykteleg engasjerte, kva eg bør oppdage av heimplassen deira. Eg innser samstundes kor kaldt og følelseslaust London eigentleg er, og kor utruleg deilig det er å møte ekte, imøtekommande britar. Kor flott det er at bussjåføren har tid til å prate litt med deg når du går på bussen. Eg har hatt nokre nydelege dagar, på the Isle of Wight.


Les meir
Lyd: Ghosts - Stay the Night

Skrive av admin, 24.03.2007, 16:45 - 3 kommentarar »

Canadisk homobarfascinasjon og pleddkledd uteliggarguide

Laurdag kveld er festkveld, òg i London. For første gong i løpet av vårt opphold her i den urbane storbyen reiste vi heilt inn til sentrum for å gå ut. Destinasjonen var Leicester Square, utan nokon konkret plan om kvar vi skulle. At vi endte opp på ein fresh og trendy uteplass til slutt, var eigentleg berre resultat av ei rekkje tilfeldigheitar…


Les meir
Lyd: The Shins - Phantom Limb

Skrive av admin, 05.03.2007, 01:20 - 10 kommentarar »

Arkiv: