Innlegg tagga med ‘20 Alfoxton’

What’s up, Alfoxton?

Barbeint er trendy, lekkasje er in og kjøleskap på rommet er digg. Det er på tide med ein liten rapport og nokre fotos, frå 20 Alfoxton Avenue!


Les meir
Lyd: Manic Street Preachers - Your Love Alone Is Not Enough

Skrive av admin, 12.05.2007, 06:51 - 3 kommentarar »

Vi betalte husleige i dag

Eg skal no fortelje deg ei lita historie. For å gjere det enklare å forstå historia skal eg først presentere nokre personar.
Først ønskjer eg å presentere EdOrtSac, som er eit firma vi leiger hus frå her i London. EdOrtSac er eigentleg to bedritne kvinner som jobbar på eit lite kontor, og som likar å ta imot store summar kontant.
Lat oss kalle dei noko som er litt lettare å hugse. Kva med “dei ubrukelege dretdamene”? Ja, det passar bra.
Vidare ønskjer eg å presentere Mr. Moss. Eg veit eigentleg ikkje kven Mr. Moss er, men han har ei sentral rolle i historia eg no vil fortelje.


Les meir
Lyd: Mark Ronson - Stop Me

Skrive av admin, 23.04.2007, 16:28 - 3 kommentarar »

Fakta om nabolaget mitt

Eg bur i Alfoxton Avenue. Ei gate i området kring Turnpike Lane Tube Station. Eg skal no kjapt oppsummere litt kjapp fakta, slik at du kan føle at du kjenner strøket mitt. Hooden min. Kollektivtransporten og kjendisane her. Alt saman!


Les meir
Lyd: The Fratellis - Flathead

Skrive av admin, 22.02.2007, 15:30 - 9 kommentarar »

Noko som nesten øydela dagen

- Eg kjøpte vatn med kolsyre på skulen i dag.
- Eg og Sandra møtte eitt menneske med heftige sinnslidingar på Burger King.
- Eg er framleis sjuk.
- Eine planken under madrassa i senga ligg på golvet.
- Det regnar ute, og det regnar inne. (Då Sandra bada i stad, byrja det dryppe frå taket i stova, som ligg under badet.)
- Eg sat ved sidan av ei slitsom jente i timen på skulen i dag. Eg lurar på om ho er amerikansk…

Men eg har hatt ein fin dag, sånn alt i alt.


Les meir
Lyd: Eskobar & Heather Nova - Someone New

Skrive av admin, 13.02.2007, 23:54 - 2 kommentarar »

Gode veksttilhøve på toalettet

Mathias tok dette biletet på toalettet vårt i natt. Då Christine sa at der var sopp på doen, forstod ikkje vi andre at det faktisk var snakk om ekte sopp. Du veit, slik som ein finn i skogen.


Les meir
Lyd: Rock Kills Kid - I Turn My Camera On

Skrive av admin, 12.02.2007, 16:01 - 4 kommentarar »

Om toalettpapir

På biletet ser du ein butikk som faktisk stiller ut, og viser fram toalettpapiret dei har å tilby. Av alle ting, liksom.
Eg vart sjokkert då eg såg dette, men har no byrja fatte kvifor. Her i London er ikkje toalettpapir alltid toalettpapir. Du veit, på same måte som ein spade av og til ikkje er ein spade.


Les meir
Lyd: Bloc Party - The Prayer

Skrive av admin, 07.02.2007, 03:28 - 6 kommentarar »

Eg har teke steget ut i verda


Etter jobb i går, sette eg meg på flyet til Oslo. Stikkord for turen: Turbulens, dottar i øyra, og bombetrussel på Gardermoen. Så tok eg turen til Ørjan, Tommy og JanO. Der sov eg nokre få timar på sofaen, før eg heiv meg rundt, reiste tilbake til Gardermoen, og oppdaga at køa var sjukt lang. Så fekk vi gå først i køa for å rekkje flyet, og så rakk vi flyet. Og no, nokre timar, sit eg i min nye bustad. Eit hus, i London.


Les meir
Lyd: Ida Maria - Oh My God

Skrive av admin, 27.01.2007, 18:26 - Kommentèr »

Arkiv: