Innlegg tagga med ‘fotografi’

What a great Bloc Party!

I dag har vore ein nydeleg dag. Først grilla vi heime i govêret i Alfoxton, deretter sette eg og Sandra oss på tuben, og reiste frå heimen vår i nord, til Brixton i sør, for å få med oss Bloc Party live på Carling Academy. Og det heile var ein nytelse!


Les meir
Lyd: Bloc Party - I Still Remember

Skrive av admin, 20.04.2007, 03:10 - 1 kommentar »

Frisyrefoto

De ba om å få sjå foto av mi nye hårfrisyre. Sidan Marita sine festbilete frå førre helg er einaste materialet som viser min nye sveis, kraup eg til korset og tok bilete av meg sjølv framfor spegelen på badet.

Eg har tatt fleire hårrelaterte bilete i påska. Mellom anna av vorspielklipping av Ørjan sitt hår.


Les meir
Lyd: Modest Mouse - Dashboard

Skrive av admin, 11.04.2007, 04:17 - 6 kommentarar »

Isle of Wight – Beauty in so many ways

Det er torsdag ettermiddag, i den vesle landsbyen Godshill, søraust på Isle of Wight. Vi har ete eit godt måltid. Eg går bort til bardisken, og ber om “a pint of lager”, som i dette tilfellet tilsvarar 568 ml Carlsberg.
Samstundes spør eg den trivelege bartendaren om ho har nokre tips om kva vi bør oppleve i løpet av vårt siste døgn opå “the island”, som dei kallar øya der. Bartendaren vert avbroten av to blondiner som sit og nippar til kvar si øl litt lenger borte. “Come here. We can tell you where to go!”, seier dei entusiastisk, og finn fram papir og penn. Dei har så mykje å anbefale. Det er vel best at dei skriv det ned til meg, seier dei.

Forskjellige gode uteestadar, og flotte turistattraksjonar rasar ut av munnen på den eine blondina, medan ho andre slit med å halde det same tempoet på papiret. Det er då resten av det lokale klientellet oppdagar at her er turistar, og at vi ønskjer tips. Plutseleg står eg der, med “a pint of lager” i handa, imponert over at kring ti personar diskuterar, frykteleg engasjerte, kva eg bør oppdage av heimplassen deira. Eg innser samstundes kor kaldt og følelseslaust London eigentleg er, og kor utruleg deilig det er å møte ekte, imøtekommande britar. Kor flott det er at bussjåføren har tid til å prate litt med deg når du går på bussen. Eg har hatt nokre nydelege dagar, på the Isle of Wight.


Les meir
Lyd: Ghosts - Stay the Night

Skrive av admin, 24.03.2007, 16:45 - 3 kommentarar »

I Love The Weekend!

Fredag følte eg at energien min var tilbake. Sjukdommen hadde forsvunne, og eg var i strålande humør. Og då iPoden min miksa ei feilfri speleliste på veg til skulen var der gåsehud, glede og stor stas. Og slik heldt det fram heile helga!


Les meir
Lyd: The Kooks - Seaside

Skrive av admin, 19.02.2007, 02:56 - 3 kommentarar »

Nokre fotos frå første kvelden


På dette biletet prøvar Amund Lindqvist og Erik “Trøkk” Nøkleby å flytte bordet i stova, slik at det best mogleg fungerar som eit spisebord, for flest mogleg.

Ta del i middagsproduksjon, i 20 Alfoxton Avenue, London.


Les meir
Lyd: The Shins - Australia

Skrive av admin, 27.01.2007, 22:50 - 5 kommentarar »

Nokre fantastiske dagar

Eg har vore i Skottland, saman med Amund, Henrik, Bente, Mathias, Ørjan og Sandra. Det har vore ein frykteleg ven tur, og eg har verkeleg storkosa meg.


Les meir
Lyd:

Skrive av admin, 08.10.2006, 20:13 - Kommentèr »

Arkiv: