Innlegg tagga med ‘Isle of Wight’
Isle of Wight – Beauty in so many ways

Det er torsdag ettermiddag, i den vesle landsbyen Godshill, søraust på Isle of Wight. Vi har ete eit godt måltid. Eg går bort til bardisken, og ber om “a pint of lager”, som i dette tilfellet tilsvarar 568 ml Carlsberg.
Samstundes spør eg den trivelege bartendaren om ho har nokre tips om kva vi bør oppleve i løpet av vårt siste døgn opå “the island”, som dei kallar øya der. Bartendaren vert avbroten av to blondiner som sit og nippar til kvar si øl litt lenger borte. “Come here. We can tell you where to go!”, seier dei entusiastisk, og finn fram papir og penn. Dei har så mykje å anbefale. Det er vel best at dei skriv det ned til meg, seier dei.
Forskjellige gode uteestadar, og flotte turistattraksjonar rasar ut av munnen på den eine blondina, medan ho andre slit med å halde det same tempoet på papiret. Det er då resten av det lokale klientellet oppdagar at her er turistar, og at vi ønskjer tips. Plutseleg står eg der, med “a pint of lager” i handa, imponert over at kring ti personar diskuterar, frykteleg engasjerte, kva eg bør oppdage av heimplassen deira. Eg innser samstundes kor kaldt og følelseslaust London eigentleg er, og kor utruleg deilig det er å møte ekte, imøtekommande britar. Kor flott det er at bussjåføren har tid til å prate litt med deg når du går på bussen. Eg har hatt nokre nydelege dagar, på the Isle of Wight.
Les meir
Lyd: Ghosts - Stay the Night
Skrive av admin, 24.03.2007, 16:45 - 3 kommentarar »
I’m going south!

Ohyes! Om få timar skal dei fleste i huset avstades til Isle of Wight i nokre dagar. Eg skal oppleve skikkeleg britisk kultur og natur. Ikkje berre storbylivet her i hovudstaden.
Det vert frykteleg deilig, trur eg.
Les meir
Lyd: Paolo Nutini - Rewind
Skrive av admin, 21.03.2007, 03:26 - Kommentèr »

Ferske meiningar: