Innlegg tagga med ‘London’

Ein knust draum, og sure austblokktonar

Regntung torsdagskveld i London. Bulgaria opnar semi-finalen i Eurovision Song Contest, og ein forstår fort kvifor denne delen av konkurransen er gøymd vekk, heilt borte på BBC 3.

Danmark drar ein Dana International, medan Sveits og Dj Bobo serverar kalde gufs frå nittitalet. Israel vurderte å trekkje seg frå konkurransen, men eg takkar dei høgare makter for at eg fekk oppleve deira trekkspelhiphop.

Og så var det Guri då. Stakkars Guri Schanke, som fekk knust pikedrømmen sin. Eg ønskjer difor å beklage, Guri. Beklager for at eg berre stemte på deg to gonger. Eg trudde det ville halde.


Les meir
Lyd:

Skrive av admin, 11.05.2007, 02:22 - Kommentèr »

Champagne og helligdag!

Skåling i champagne, prat med sjømannspresten og diskusjonar kring merkelege britiske helligdagar har prega helga.


Les meir
Lyd: The Mary Onettes - Lost

Skrive av admin, 07.05.2007, 04:22 - 1 kommentar »

Kaos! KAOS, seier eg!

Det er andre mai i dag. Det betyr at eg i løpet av dei neste 22 døgna skal ha levert følgjande eksamensproduksjonar:
Ein kortfilm på 60 sekund
Ei webside i Flash. (kan berre litt Flash)
Eit Flash-multimedieprosjekt eg, Mathias og Sandra har valgt å kalle “This Is Norway”
Eit 2-siders magasindesign
Eit t-skjortedesign
Kontorrekvisitadesign
Tilsammen 5700 ord med rapport

Kvar skal eg byrje?


Les meir
Lyd: Savoy - Karma Boomerang

Skrive av admin, 02.05.2007, 02:11 - 9 kommentarar »

Grillpartaj!

Laurdag var vèret frykteleg bra, så vi inviterte Niklas, Espen, Anne, Maria, Erik og Steven på grillparty i bakgården vår. Det vart god mat, god stemning og to overtente kubbelys.

Sjå bilete frå grillfesten


Les meir
Lyd: Magnet - Navigator

Skrive av admin, 23.04.2007, 22:20 - 5 kommentarar »

Vi betalte husleige i dag

Eg skal no fortelje deg ei lita historie. For å gjere det enklare å forstå historia skal eg først presentere nokre personar.
Først ønskjer eg å presentere EdOrtSac, som er eit firma vi leiger hus frå her i London. EdOrtSac er eigentleg to bedritne kvinner som jobbar på eit lite kontor, og som likar å ta imot store summar kontant.
Lat oss kalle dei noko som er litt lettare å hugse. Kva med “dei ubrukelege dretdamene”? Ja, det passar bra.
Vidare ønskjer eg å presentere Mr. Moss. Eg veit eigentleg ikkje kven Mr. Moss er, men han har ei sentral rolle i historia eg no vil fortelje.


Les meir
Lyd: Mark Ronson - Stop Me

Skrive av admin, 23.04.2007, 16:28 - 3 kommentarar »

What a great Bloc Party!

I dag har vore ein nydeleg dag. Først grilla vi heime i govêret i Alfoxton, deretter sette eg og Sandra oss på tuben, og reiste frå heimen vår i nord, til Brixton i sør, for å få med oss Bloc Party live på Carling Academy. Og det heile var ein nytelse!


Les meir
Lyd: Bloc Party - I Still Remember

Skrive av admin, 20.04.2007, 03:10 - 1 kommentar »

Sommarstemning med familiebesøk

“Vi skal til… Royal Lancaster… please”. Mamma klarte ikkje heilt å venne seg til å prate engelsk. Men det gjekk bra. I helga har dei vore på vitjing i London. Sola tok òg turen, og eg har teke på piratbuksa.


Les meir
Lyd: Maximo Park - Books from Boxes

Skrive av admin, 16.04.2007, 01:09 - Kommentèr »

Back in LDN

På plass, i t-skjorte og med familien på slep.


Les meir
Lyd: Klaxons - Golden Skans

Skrive av admin, 15.04.2007, 01:25 - Kommentèr »

Heim til fagre Førde på ferie!

I dag er dagen. Eg skal forlate den internasjonale smeltedigelen, og vende heimatt til korrekt køyreretning, frisk luft og springvatn. Eg skal heimatt på påskeferie om 18 timar.

Og der er ein del ting eg gler meg MYKJE til å sjå att heime i Noreg, så kvifor ikkje berre lage ei liste, tenkte eg? Here it is!


Les meir
Lyd: Heroes & Zeros - Into the Light

Skrive av admin, 29.03.2007, 03:22 - 3 kommentarar »

I’m going south!


Ohyes! Om få timar skal dei fleste i huset avstades til Isle of Wight i nokre dagar. Eg skal oppleve skikkeleg britisk kultur og natur. Ikkje berre storbylivet her i hovudstaden.

Det vert frykteleg deilig, trur eg.


Les meir
Lyd: Paolo Nutini - Rewind

Skrive av admin, 21.03.2007, 03:26 - Kommentèr »

Arkiv: