Innlegg tagga med ‘London’
St. Patrick’s med irsk folkedans og Guinness-hatt

Laurdag var det St. Patrick’s day. Irane sin nasjonaldag. Ein stor festdag, som sjølvsagt vert feira kraftig i heile England. Vi tok turen til Tufnell Park tube station, og vitja ein ekte irsk pub. Det vart rikeleg med god stemning.
Les meir
Lyd: Pogues - Dirty Old Town
Skrive av admin, 18.03.2007, 18:04 - 7 kommentarar »
På fotballkamp

- Du, Ronny. Du skal ikke være med på fotballkamp i morra da? Det er Arsenal – Manchester United, sa Trøkk.
- Tjaaaaaaah, seier eg, og spør kva det kostar.
- Bare tre pund, svarar Trøkk.
Så billeg, tenkte eg. Var det verkeleg mogleg? Nei, er svaret. Det viste seg å vere juniorkamp.
Les meir
Lyd: Cold War Kids - Hospital Beds
Skrive av admin, 15.03.2007, 04:47 - 3 kommentarar »
Summer in the city!

Strålande sol, skyfritt og varmt. Vi tok turen til Hyde Park, for å sole oss og ete is.
Les meir
Lyd: Arcade Fire - Keep The Car Running
Skrive av admin, 09.03.2007, 01:09 - 3 kommentarar »
Heim til påske?

Eg hadde eigentleg ikkje tenkt meg heim i påskeferien. Men i dag kom eg til å tenkje på dei positive sidene ved å reise heim, kontra det å vere att i London.
Les meir
Lyd: Tegan and Sara - Where Does The Good Go
Skrive av admin, 08.03.2007, 02:59 - 3 kommentarar »
Canadisk homobarfascinasjon og pleddkledd uteliggarguide

Laurdag kveld er festkveld, òg i London. For første gong i løpet av vårt opphold her i den urbane storbyen reiste vi heilt inn til sentrum for å gå ut. Destinasjonen var Leicester Square, utan nokon konkret plan om kvar vi skulle. At vi endte opp på ein fresh og trendy uteplass til slutt, var eigentleg berre resultat av ei rekkje tilfeldigheitar…
Les meir
Lyd: The Shins - Phantom Limb
Skrive av admin, 05.03.2007, 01:20 - 10 kommentarar »
Eg og Britney… Og Madonna…

I dag har eg brote haugevis av intimgrenser. Riktignok berre med voksdukker…
Les meir
Lyd: Kaiser Chiefs - Ruby
Skrive av admin, 02.03.2007, 02:55 - 9 kommentarar »
Me, starring in a black&white movie!

Det er berre ei øvingsoppgåve i eitt av faga på skulen. Likevel har Henrik klipt saman eit godt stykke film. Eg tek meg godt ut i svart kvitt!
Sjå filmatiseringa “The Exchange” her
Les meir
Lyd: Superfamily - Taxi Dancing
Skrive av admin, 27.02.2007, 16:02 - 1 kommentar »
Leif in London (Ørjan òg for så vidt)

Leif og Ørjan er på vitjing. Ikkje berre i London, men òg over London. I dag tok vi turen på British Airways London Eye. Vi som bur her, kallar det berre “the Wheel”.
Les meir
Lyd: Way Out West - Don't Forget Me
Skrive av admin, 27.02.2007, 02:15 - Kommentèr »
Fakta om nabolaget mitt
Eg bur i Alfoxton Avenue. Ei gate i området kring Turnpike Lane Tube Station. Eg skal no kjapt oppsummere litt kjapp fakta, slik at du kan føle at du kjenner strøket mitt. Hooden min. Kollektivtransporten og kjendisane her. Alt saman!
Les meir
Lyd: The Fratellis - Flathead
Skrive av admin, 22.02.2007, 15:30 - 9 kommentarar »
Design, slik Tyskland ser det

Eg huskar eg tidvis vart overraska på ungdomsskulen, då eg lærte Tysk. Eg har fått intrykk av at dei tykkjer det er trendy å farge håret i alle regnbogens fargar, og at dei generelt sett framleis diggar musikken dei digga på 80-talet.
Liksom. Den førre populærmusikalske verdssuksessen frå dette landet, var Dear Jessie, av karakteristiske Rollergirl… Eller var det Scooter?
Korleis går det då eigentleg, når vi vert undervist i design, av ei kvinne, med ein leiarstil som minnar om eit velkjendt tysk fenomen frå 40-talet?
Les meir
Lyd: Rockettothesky - On Cherry Tree Song
Skrive av admin, 20.02.2007, 23:10 - 7 kommentarar »

Ferske meiningar: