Innlegg tagga med ‘magnet’
Herleg gjensyn med Magnet

Medan eg var ein tur i sentrum i dag, fekk eg ein sms frå Mathias: “I kveld viser de Magnet og KORK på NRK. Og jeg så deg på reklamen:D”.
Les meir
Lyd: Magnet - The Day We Left Town
Skrive av admin, 06.06.2007, 03:34 - 4 kommentarar »
Fantastiske Magnet

På biletet ser du det beste landet vårt har å by på av musikk. Eg kan gå med på at A-ha sit på beste musikkvideoen, men ærleg talt. Magnet er ein sann helt. Og den nye plata, “The Simple Life” er eit like ekte mesterverk, som berre vert betre og betre for kvar lytt.
Eg måtte berre få sagt det.
I morgon skal eg til frisøren. Eg gruar meg litt. Dei to førre gongane har eg sett forferdeleg ut etterpå. Problemet er krøllene. Dei sprayar håret med vatn, til krøllene forsvinn, så finn dei fram saksa, og gjer det dei skal. Og så vert håret tørt, og eg gret over spilt mjølk og kaoskrøller.
Eg kryssar fingrane denne gongen.
Les meir
Lyd: Magnet - Slice of Heaven
Skrive av admin, 04.04.2007, 02:14 - 5 kommentarar »
Ei fantastisk konsertoppleving

I går var eg på konsert, med sjølvaste Magnet. Han hadde med seg kringkastingsorkesteret, og det, tykkjer eg, var intet dårleg val av backingband.
Les meir
Lyd: Magnet - The Day We Left Town
Skrive av admin, 19.01.2007, 19:54 - 3 kommentarar »

Ferske meiningar: