Innlegg tagga med ‘musikk’
Musikken eg elska i 2007
Eg har gjort eit forsøk på å rangere dei musikalske intrykka eg fekk i løpet av fjoråret.
Les meir
Lyd: Katzenjammer - A Bar In Amsterdam
Skrive av admin, 13.01.2008, 23:12 - 4 kommentarar »
Ny norsk nytelse
Det beste i livet er gratis, seier folk. Ein kan diskutere kor vidt dette stemmer, men ein ting er sikkert:
Den beste, nye, norske musikken får du som mp3-fil på komputeren din, utan å betale noko som helst!
Les meir
Lyd: Ida Maria - Stella & God
Skrive av admin, 07.11.2007, 21:58 - 1 kommentar »
Herleg helg i hovudstaden

På fredag var det ut-på-tur-stemning her i sokkelleiligheita på Tyholt. Alle saman, altså eg og Leif, sette kursen mot hovudstaden for festlegheitar og Arcade Fire live.
Les meir
Lyd: Beirut - Scenic World
Skrive av admin, 06.11.2007, 22:46 - 4 kommentarar »
“Dancing in the backyard”

Det var stappfult i storsalen på Samfundet, Pål Angelskår seier det er første gongen. Han seier dei difor har lyst til å spele lenge. Det gjorde dei. To timar, trur eg det vart.
Og då heile salen sang med til “Dancing in the backyard”, som kanskje er den beste norske songen nokonsinne, då var liksom kvelden komplett for meg. Bandet såg ut som dei trivdest, og etter endt song, og vill applaus, tok dei like godt refrenget eit par gongar til, saman med eit kor på kring tusen personar.
http://www.uka.no/nyheter/264/
Les meir
Lyd: Minor Majority - Dancing in the Backyard
Skrive av admin, 09.10.2007, 19:29 - Kommentèr »
Utruleg vakkert
Utruleg flott produksjon, og ein vanvittig bra song. Herregud så vakkert!
BigBang – Wildbird, live frå Øya 07.
Les meir
Lyd:
Skrive av admin, 13.09.2007, 13:53 - 1 kommentar »
Herleg gjensyn med Magnet

Medan eg var ein tur i sentrum i dag, fekk eg ein sms frå Mathias: “I kveld viser de Magnet og KORK på NRK. Og jeg så deg på reklamen:D”.
Les meir
Lyd: Magnet - The Day We Left Town
Skrive av admin, 06.06.2007, 03:34 - 4 kommentarar »
Ein knust draum, og sure austblokktonar

Regntung torsdagskveld i London. Bulgaria opnar semi-finalen i Eurovision Song Contest, og ein forstår fort kvifor denne delen av konkurransen er gøymd vekk, heilt borte på BBC 3.
Danmark drar ein Dana International, medan Sveits og Dj Bobo serverar kalde gufs frå nittitalet. Israel vurderte å trekkje seg frå konkurransen, men eg takkar dei høgare makter for at eg fekk oppleve deira trekkspelhiphop.
Og så var det Guri då. Stakkars Guri Schanke, som fekk knust pikedrømmen sin. Eg ønskjer difor å beklage, Guri. Beklager for at eg berre stemte på deg to gonger. Eg trudde det ville halde.
Les meir
Lyd:
Skrive av admin, 11.05.2007, 02:22 - Kommentèr »
The Mary Onettes!

Eg har eit fantastisk bra intrykk, førebels, av The Mary Onettes. Bandet frå Svergie lagar indierock, sterkt inspirert av 80talet. Det minnar meg om The Cure, Simple Minds og The Killers. Det er genialt.
Og singelen “Lost” er tilgjengeleg gratis som mp3 hjå Last.fm nett no.
Les meir
Lyd: The Mary Onettes - Slow
Skrive av admin, 09.05.2007, 04:28 - Kommentèr »
What a great Bloc Party!

I dag har vore ein nydeleg dag. Først grilla vi heime i govêret i Alfoxton, deretter sette eg og Sandra oss på tuben, og reiste frå heimen vår i nord, til Brixton i sør, for å få med oss Bloc Party live på Carling Academy. Og det heile var ein nytelse!
Les meir
Lyd: Bloc Party - I Still Remember
Skrive av admin, 20.04.2007, 03:10 - 1 kommentar »
Fantastiske coverlåtar!
I programmet til Jo Whiley på BBC Radio 1 her i England, har dei kvar dag posten “The Live Lounge” kvar kjende og mindre kjende artistar kjem i studio. Dei spelar ein song dei sjølv er aktuelle med, deretter covrar dei ein annan artist. Bloc Party for eksempel, valde å covre Nelly Furtado sin “Say It Right”. Frykteleg bra, var det òg.
Vidare kan jo Arcade Fire sin cover av Yeah Yeah Yeahs-låta “Maps” nemnast. Bandet Guillemots har eg aldri høyrd om, men deira cover av Franz Ferdinand sin “Take Me Out” er genial!
Og sjølvsagt må jo David Gray sin cover av The Killers sin “Smile Like You Mean It” nemnast.
Fleire artige og kreative covers i MP3-format.
BBC Radio 1 – Jo Whiley
Les meir
Lyd: Maximo Park - 500 miles (Live på BBC Radio 1)
Skrive av admin, 15.04.2007, 03:56 - Kommentèr »

Ferske meiningar: