Innlegg tagga med ‘skule’
“London & I”
Alt av skulearbeid er levert, og eg tenkte eg skulle vise fram filmen min, som er ein av fire eksamensbesvarelsar i år.
Oppgåva var enkel og grei: Eitt minutt. 60 sekund, om kva du vil. Eg har laga ei skildring av mitt forhold til det å bu i London.
Sjå filmen “London & I”.
Du kan jo òg ta ein titt innom StrikerzBowling.com. Oppgåva her var å lage webside med mest mogleg animasjon og grafikk, i Flash.
Les meir
Lyd: The Bravery - Time won't let me go
Skrive av admin, 26.05.2007, 06:02 - 8 kommentarar »
Kaos! KAOS, seier eg!
Det er andre mai i dag. Det betyr at eg i løpet av dei neste 22 døgna skal ha levert følgjande eksamensproduksjonar:
Ein kortfilm på 60 sekund
Ei webside i Flash. (kan berre litt Flash)
Eit Flash-multimedieprosjekt eg, Mathias og Sandra har valgt å kalle “This Is Norway”
Eit 2-siders magasindesign
Eit t-skjortedesign
Kontorrekvisitadesign
Tilsammen 5700 ord med rapport
Kvar skal eg byrje?
Les meir
Lyd: Savoy - Karma Boomerang
Skrive av admin, 02.05.2007, 02:11 - 9 kommentarar »
Me, starring in a black&white movie!

Det er berre ei øvingsoppgåve i eitt av faga på skulen. Likevel har Henrik klipt saman eit godt stykke film. Eg tek meg godt ut i svart kvitt!
Sjå filmatiseringa “The Exchange” her
Les meir
Lyd: Superfamily - Taxi Dancing
Skrive av admin, 27.02.2007, 16:02 - 1 kommentar »
Design, slik Tyskland ser det

Eg huskar eg tidvis vart overraska på ungdomsskulen, då eg lærte Tysk. Eg har fått intrykk av at dei tykkjer det er trendy å farge håret i alle regnbogens fargar, og at dei generelt sett framleis diggar musikken dei digga på 80-talet.
Liksom. Den førre populærmusikalske verdssuksessen frå dette landet, var Dear Jessie, av karakteristiske Rollergirl… Eller var det Scooter?
Korleis går det då eigentleg, når vi vert undervist i design, av ei kvinne, med ein leiarstil som minnar om eit velkjendt tysk fenomen frå 40-talet?
Les meir
Lyd: Rockettothesky - On Cherry Tree Song
Skrive av admin, 20.02.2007, 23:10 - 7 kommentarar »
Uflaks, sa Ronny
Først klarte eg å forsove meg, slik at eg eigentleg ikkje hadde meir en nokre få minutt frå eg stod opp til vi måtte gå.
Litt for seint, gjekk vi til tuben, eller t-bana om du vil. Det viste seg at Arsenal station var stengd, og at vi difor måtte tube heilt til Holloway Road, gå av der, og gå i ca 20 minutt for å komme oss til skulen.
Og så regna det. Dumme, dumme Ronny tok ikkje med seg regnjakke til London.
Les meir
Lyd:
Skrive av admin, 20.02.2007, 13:14 - 3 kommentarar »

Ferske meiningar: